Politikk og samfunn

«Har politikarane heilt gløymt at det er dei som har ansvaret for norsk skule?»

Dette statsbudsjettet speglar ikkje berre vanskelege prioriteringar, det speglar svake prioriteringar, skriv Zaid Norzai Ahmmad (20), leiar av Elevorganisasjonen.

Zaid Norzai Ahmmad (20)
Leder av Elevorganisasjonen
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Alle er einige om at nedgangen i skuleresultata er svært urovekkande, og alle er einige om at ein må ta grep for å snu denne trenden. Så kvar blir det av pengane?

Dobbeltmoralsk å leggje skulda på oss

I dag blei statsbudsjettet lagt fram, og frå eit skuleperspektiv ser det dystert ut. PISA-undersøkinga viser at resultata i norsk skule fell, og 34 prosent av elevane presterer på de lågaste nivåa i lesing.

Det verkar som det er ei felles semje blant politikarane at noko må gjerast, og likevel ser vi inga endring i statsbudsjettet.

Etter at PISA resultata kom, har fleire politikarar prøvd å finne ein syndebukk å skulde på, oftast skjermen eller elevane.

Men har politikarane heilt gløymt at det er dei som har ansvaret for norsk skule? Det er dobbeltmoralsk av dei å leggje skulda på oss elevar, samstundes som dei knapt løyver meir pengar til skulen i ei tid der det hastar som mest.

Vi jublar ikkje over kunnskapsministerens «gjennomslag»

Kunnskapsministeren jublar rett nok over gjennomslag som smågruppeundervisning i skulen, men det gjer ikkje vi.

For 465 millionar kroner til smågruppeundervisning høyrest mykje ut, men tilsvarar eigentleg berre éin skuletime i veka. Og når 350 av desse 465 millionane er henta frå dei øyremerkte midlane til leksehjelp, vil eg ikkje kalle dette eit gjennomslag i det heile.

Vanskelege eller svake prioriteringar?

Når lønna til kongeparet blir dobla, samstundes som skular må kutte i laget rundt eleven for å få budsjettet til å gå opp, må regjeringa verkeleg revurdere prioriteringane sine.

Dette statsbudsjettet speglar ikkje berre vanskelege prioriteringar, det speglar svake prioriteringar.

Eg er lei. Eg er lei av at elevane får skulda for nedgangen i skuleresultata, samstundes som regjeringa som sit med makta gong på gong nedprioriterer skulen. Eg er lei av symbolske «gjennomslag» og tomme lovnader.

No håpar eg å sjå at skulen blir prioritert i dei alternative statsbudsjetta til partia. Vi er nøgde med regjeringas satsing på læremiddel, men saknar særleg fullfinansiering av utstyrsstipendet, middel til oppussing av skulebygg og meir ressursar til skulehelsetenesta. Å satse på skulen er å satse på framtida.