Nyheitsquiz: Namnebyte, lagbyte og lovendringar
– kva har du fått med deg?
Har du kontroll på sakene som har vore på alles lepper denne veka?

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Quiz: Nyheitsquiz veke 35
- Spørsmål 1 av 11
1.
Radioresepsjonen byter namn. Til kva?
Rett svar! Du er vel fort ein tidlegare RR-fan, som no skal verte papaya-entusiast?
«Radioresepsjonen» er historie, men Tore Sagen, Steinar Sagen og Bjarte Tjøstheim vert på ingen måte arbeidsledige. På måndag lanserer trioen podkasten «Papaya».
Radioveteranane seier sjølv at det ikkje er noko stor meining bak namnet: Dei vurderte det då dei starta «Radioresepsjonen», og får endeleg brukt «det dumme og teite namnet».
Her støytte du på dilemmas, dilemmas, dilemmas, og enda på feil svar.
«Radioresepsjonen» er historie, men Tore Sagen, Steinar Sagen og Bjarte Tjøstheim vert på ingen måte arbeidsledige. På måndag lanserer trioen podkasten «Papaya».
Radioveteranane seier sjølv at det ikkje er noko stor meining bak namnet: Dei vurderte det då dei starta «Radioresepsjonen», og får endeleg brukt «det dumme og teite namnet».
- Spørsmål 2 av 11
2.
Fotballspelar Kristoffer Barmen har fått ny klubb etter Brann-skandalen. Kven har signert den tidlegare Brann-spelaren?
Her er du på ballen!
Kristoffer Barmen fekk sparken i Brann i etterkant av nachspiel-skandalen i august. No flyttar bergensaren til Sunnmøre og skal spele for Aalesund.
Gult kort til deg, ti minutt inn i første quiz-omgang. Du svarar feil.
Kristoffer Barmen fekk sparken i Brann i etterkant av nachspiel-skandalen i august. No flyttar bergensaren til Sunnmøre og skal spele for Aalesund.
- Spørsmål 3 av 11
3.
Kanye West har sleppt sitt tiande album. Kva heiter det?
YE! Du svarar rett.
Kanye West har gjeve ut ei plate kalla opp etter mor si, Donda. Ho døydde i 2007 av komplikasjonar etter ein operasjon.
Hurricane og Off the Grid er to av 27 låtar på det nye albumet til artisten, som no har søkt om å endre namn til YE.

- Spørsmål 4 av 11
4.
Kinesiske styresmakter tek grep for å hindre spel-avhengnad hjå barn. Kva regel har Kina innført?
Game on!
Kinesiske styresmakter har innført nye reglar, og no får mindreårige i landet berre lov til å spele dataspel tre timar i veka: mellom klokka 20 og 21, på fredag, laurdagar og søndagar.
Tidlegare kunne born under 18 år spele dataspel halvannen time kvar dag, og tre timar på helgedagar.
Gameover.

- Spørsmål 5 av 11
5.
Kva heiter orkanen som har herja i USA?
Rett svar!
Orkanen Ida er den femte sterkaste orkanen som har treft USA, og styrtregnet førte til farlege flaumar fleire stadar i USA.
Minst 46 personar har mist livet, og mange står utan straum, vatn eller heim.
Her er du på ville vegar.
Orkanen Ida er den femte sterkaste orkanen som har treft USA, og styrtregnet førte til farlege flaumar fleire stadar i USA.
Minst 46 personar har mist livet, og mange står utan straum, vatn eller heim.
- Spørsmål 6 av 11
6.
Kva land skal vurdere eit forbod mot konverteringsterapi etter at 50.000 skreiv under eit opprop på ein månad?
No er du god, du svarar rett!
Eit folkeopprop i Finland klarte å samle 50 000 signaturar for å forby konverteringsterapi i løpet av ein dryg månad, noko betyr at det finske parlamentet lyt behandle saka.
Her signerte du under feil svar.
Eit folkeopprop i Finland klarte å samle 50 000 signaturar for å forby konverteringsterapi i løpet av ein dryg månad, noko betyr at det finske parlamentet lyt behandle saka.
- Spørsmål 7 av 11
7.
Joikakakene har fått nytt namn. Kva heiter kjøtbollane no?
No tek du kaka!
Nortura fekk skarp kritikk for Joikakaker i fjor, særleg grunna karikaturen av den samiske guten som prega emballasjen. No har selskapet lansert ny emballasje og nytt namn: VILTi.
Dette er spinnvilt(i) – du svarar feil.
Nortura fekk skarp kritikk for Joikakaker i fjor, særleg grunna karikaturen av den samiske guten som prega emballasjen. No har selskapet lansert ny emballasje og nytt namn: VILTi.
- Spørsmål 8 av 11
8.
Texas si nye abortlov tredde i kraft denne veka. Kva er grensa delstaten har sett for abort?
Du har dessverre rett.
I Texas er det no ulovleg å ta abort etter at ein kan registrere hjartelyd på fosteret, noko som vanlegvis er i sjette veke. Lova er den strengaste i USA, og gjev ikkje unntak for kvinner som er utsette for valdtekt eller incest. I tillegg er det sett opp ei nettside, der ein anonymt kan tipse om folk ein trur bryt lova.
I praksis betyr lova eit totalforbod mot abort, då mange kvinner ikkje ein gong veit dei er gravide så tidleg.
Lova møter skarp kritikk, og mange er uroa for konsekvensane for kvinner i Texas – særleg tenåringar, låginntektskvinner og farga kvinner.
Du tar feil.

- Spørsmål 9 av 11
9.
Den tidlegare integreringsministeren i Danmark, Inger Støjberg, er stilt for riksrett. Kvifor?
Korrekt!
Inger Støjberg skal ha bede danske UDI om å forby par som søkjer asyl å bu saman, om den eine er under 18 år, og utan rom for skjønn.
Ifølgje NRK har ein komité allereie kome fram til at instruksen braut dansk lov og med menneskerettane.
Støljberg avviser skuldingane.
Feil!

- Spørsmål 10 av 11
10.
Kva band gjer comeback med ny plate etter mange år?
The winner takes it all! For ein super trouper du er.
39 år etter førre studioalbum slepper ABBA albumet Voyage. Dei svenske popikona nøyer seg heller ikkje med ei ny plate, dei skal i tillegg skal dei ha digital konsert framført av eigne Abba-tars.
Gimme, gimme, gimme eit anna svar. Her bommar du grovt.
39 år etter førre studioalbum slepper ABBA albumet Voyage. Dei svenske popikona nøyer seg heller ikkje med ei ny plate, dei skal i tillegg skal dei ha digital konsert framført av eigne Abba-tars.
- Spørsmål 11 av 11
11.
Kven av desse er IKKJE med på den nyaste sesongen av Ikke lov å le på hytta?
Du går heilt til topps i nysatsinga Ikkje lov å svare feil på quiz! For her treffer du.
Herman Flesvig sjekkar ikkje inn på hytta, men det gjer komikarane Harm, Leivestad og Tørnquist, samt Magnus Carlsen. Så gjenstår det å sjå om det er eit sjakktrekk.
Du ryker ut nysatsinga Ikkje lov å svare feil på quiz! For her tar du feil.
Herman Flesvig sjekkar ikkje inn på hytta, men det gjer komikarane Harm, Leivestad og Tørnquist, samt Magnus Carlsen. Så gjenstår det å sjå om det er eit sjakktrekk.
Resultat:
Vurdering:
Har du fått med deg desse sakene?
- Amalie (22) på Svalbard: – Byråkratane i Oslo-gryta skjønar ikkje heilt kva som går føre seg her oppe
- Les om filmskaparane som vil bryte ned tabu knytt til psykisk helse: – Shit, det er flaks at eg er i live
- Penelope Lea (17): – 16-åringar bør få stemmerett
Veka då alt gjekk til helvete: Inkassovarsel, p-stav på vandring og drapstrugslar