Politikk og samfunn

«Vi kan ikkje setje 13-åringar i fengsel»

Sjølv om det er ubehageleg å lese om ran og knivstikking gjort av ungdom, er det ingen grunn til å senke lågalderen, skriv Waris Ahmed (16).

Waris Ahmed (16)
Leiar av Sagene AUF
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett til nynorsk av redaksjonen.

Den siste tida har fleire frå Unge Høgre vore aktive i media med forslag om å senke den kriminelle lågalderen som eit svar på aukande ungdomskriminalitet. Dette er eit tema som er svært nært meg, ettersom eg dagleg ser konsekvensane av ungdomskriminalitet – altfor mange ungdommar fell ut av fellesskapet og søker seg til andre miljø.

Sjølv om eg på ingen måte støttar handlingane deira, er eg einig i at vi må ta tak i problemet og få slutt på denne negative utviklinga, både i Oslo og resten av landet.

quote-left

Slike tiltak rettar seg berre mot symptoma, ikkje årsakene til problema

quote-right

Men det er ikkje så enkelt som å skulde på minoritetsungdom, slik FrP har gjort, eller å føreslå ekstreme tiltak som fotlenker for barn og ungdom, slik Høgre har tatt til orde for. Når eg høyrer forslag om narkorazziaar på barneskular, tenker eg at dette er ei kortsiktig og absurd tilnærming. Slike tiltak rettar seg berre mot symptoma, ikkje årsakene til problema. Viss vi verkeleg ønsker å løyse ungdomskriminaliteten, må vi sjå på dei bakanforliggande årsakene og finne meir målretta løysingar som faktisk gjer ein forskjell.

FpU har kalla meg naiv for å støtte tiltak som sommarjobbar, skulemat og idrettstilbod – ting eg har sett fungerer. Det seier mykje om dei. Eg veit korleis det er å stå utan jobb eller ikkje ha råd til idrett. I min bydel der mange bur i kommunale bustader, der folk slit med psykisk helse, økonomiske problem og rus, har slike tiltak verknad. 

quote-left

Eg veit korleis det er å stå utan jobb eller ikkje ha råd til idrett

quote-right

Det er skuffande at nokon meiner det er nødvendig å senke den kriminelle lågalderen. Eit godt eksempel på kvifor dette ikkje fungerer, er Danmark. Dei prøvde å senke sin kriminelle lågalder, men så raskt at det ikkje hadde den ønska effekten, og reverserte avgjerda to år seinare. Noreg bør ikkje gjere den same feilen. Det gir ikkje meining å setje barn i fengsel, slik Unge Høgre føreslår, og tenke at det skal gjere vegen ut av kriminalitet lettare.

I dag er den kriminelle lågalderen i Noreg 15 år og slik burde det halde fram å vere. Ved å setje 13-åringar i fengsel vil dette berre bidra til at dei blir trekt djupare inn i kriminalitet, og i verste fall får eit langt liv bak murane. Er det verkeleg det vi ønsker for dei unge?

Det er naivt og lite gjennomtenkt av Unge Høgre å tru at løysinga er strengare straffer for barn. Vi må heller fokusere på førebygging og rehabilitering – ikkje å fylle opp fengsla med ungdommar.