Professor: – Risikoen for smitte blant barn og unge er kraftig underkommunisert

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lege og professor i barnemedisin, Ola Didrik Saugstad, seier til TV 2 at han meiner FHI under heile pandemien har underkommunisert risikoen for smitte blant barn og unge.

– Det er riktig at det er sjeldan at barn og unge får alvorlege symptom av covid-19. Men når rundt ein av 1.000 barn får alvorlege ettersjukdommar etter å ha vorte smitta, så er det ganske betydeleg i barnesjukdomsperspektiv, seier Saugstad.

– Det er all grunn til å ta dette alvorleg. Eg meiner at allereie dei første rapportane vi fekk frå Kina, for over eitt år sidan, viste at viruset kan vere alvorleg òg for barn, seier professoren.

Vurderer vaksinering

Geir Bukholm. Foto: Folkehelseinstituttet

I FHIs siste vekerapport kjem det fram at barn i alderen 0 til 17 år stod for seks prosent av alle nye innleggingar dei siste fire vekene. FHI jobbar no med ei vurdering om ein òg skal vaksinere barn mellom 12 og 16 år.

– Tilrådinga vår vil bli sendt regjeringa om ganske kort tid, seier smitteverndirektør Geir Bukholm i Folkehelseinstituttet (FHI).

Bukholm seier at FHIs tilråding vil seie noko om vurderinga av kva nytte barna vil ha av vaksinen, opp mot risikoen for eit alvorleg sjukdomsforløp ved smitte.


Illustrasjonsfoto: Towfiqu barbhuiya / Unsplash.com