Barneombodet: Det hastar med vaksine til 16- og 17-åringar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vaksinasjonen av 16- og 17-åringar er i gang, men barneombod Inga Bejer Engh meiner det ikkje går raskt nok.

– No hastar det med å gi ungdommane på 16–17 år tilbod om vaksine. Eg håpar at vaksne no følgjer rådet frå styresmaktene om å vaksinere seg så snart dei kan og stiller opp i dugnaden for at barn og unge kan halde fram med å gå på skulen som normalt, seier ho, og strekar under:

– Vi må unngå at vi endå ein gong kjem i ein situasjon der barn og unge ber den tyngste byrda i pandemien.

Grønt nivå så lenge som mogleg

Regjeringa meiner at skular og barnehagar skal haldast på grønt nivå så lenge som mogleg, men kommunane har moglegheit til å innføre gult eller raudt nivå lokalt om det er nødvendig.

Fleire kommunar har dei siste dagane ropt varsku om sterkt aukande smittetal og at ein ikkje klarer å følgje opp godt nok.

– Eg er bekymra for at kommunane no går over til raudt nivå på skulane eller legg andre avgrensingar på livet til barna på grunn av at testregimet ikkje fungerer som det skal. Det er viktig at kommunane har lett tilgjengelege teststasjonar og nok hurtigtestar til barn og unge, slik at dei kan teste seg raskt, seier Bejer Engh.


Illustrasjonsfoto: Adam Nieścioruk / Unsplash.com