Vil stramma inn elsparkesykkelreglar i heile landet

Samferdselsdepartementet vil ha nye og strengare reglar for å bruka elsparkesykkel. Mellom anna vil dei at aldersgrensa skal vera på 12 år.

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert hjå Framtida Junior. Der kan du òg lesa om tidenes dyraste norske fotballspelar.

– Eg er djupt uroa over ulykkesutviklinga på elsparkesyklar og andre små elektriske køyretøy. Sjølv om me har stramma inn og gjort regelverket tydeleg, ønskjer me å gjera ytterlegare grep slik at tryggleiken både for brukarane og andre trafikkantar skal bli varetatt, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) i ei pressemelding.

Derfor foreslår dei no både promillegrense, forbod mot å køyra på fortau, påbod om å bruka hjelm for dei yngste og ei aldersgrense på 12 år. Dei nye forslaga til innstrammingar i regelverket kjem i tillegg til endringane som allereie har kome det siste året.

Strengare reglar for barn og unge

Samferdselsministeren fortel at kvar tredje skade på elsparkesykkel er hovudskade, og at det er aldersgruppa på mellom 22–34 år som er mest utsett for å få desse skadane. Derfor vil dei legga til rette for at ein tidleg lagar seg gode vaner.

– Påbodet om hjelm for barn under 15 år vil gi barn eit særleg vern, og samtidig legga til rette for gode vanar.

Foto: Torbjørn Tandberg / Samferdselsdepartementet via Flickr / CC BY-NC 2.0-lisens

Dei vil også setta ei nedre grense på kor gamal ein kan vera for å bruka elsparkesykkel. Grunnen er at dei yngste barna ikkje har same trafikkforståinga og evne til samhandling i trafikken som dei vaksne, ikkje fordi dei er meir ulukkesutsette enn dei som er eldre.

– Barn og unge har eit spesielt krav om vern. Det er naturleg at me vurderer ei aldersgrense på bruken av elsparkesyklar som raskt kan komma opp i ein fart på 20 km/t, seier Hareide.

Forbod mot bruk av fortau

Samferdselsministeren peiker også på at mange av ulukkene på elsparkesykkel skjer på fortau. Han meiner at det ikkje skal vera slik at dei gåande skal føla seg utrygge når dei går på eit fortau.

– Køyring med elsparkesyklar på fortau skal skje på dei gåande sine premissar, men me ser at denne premissen ofte ikkje blir følgd. Derfor vil me greia ut eit forbod mot bruk på fortau, men ikkje på gang- og sykkelveg, seier Hareide.


Foto: Marte Husabø/Framtida.no

Fakta

Følgjande forslag skal greiast ut og sendast på høyring:

  • Ulike nivå på promillegrense: 0,2, 0,5 og 0,8
  • Forbod mot køyring på fortau, men opning for køyring på gang- og sykkelveg
  • Hjelmpåbod for barn under 15 år
  • Aldersgrense 12 år for bruk