Vil ha norsk interrailbillett
Samferdselsdepartementet har gitt Jernbanedirektoratet i oppdrag å undersøkje moglegheiter for ein nasjonal togbillett.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det skriv departementet i ei pressemelding.
Billetten vil fungere som ein periodebillett, gyldig på alle togstrekningar som blir køyrt etter avtale med staten.
Samferdselsminister Knut Arild Hareide seier i pressemeldinga at dei har mål om å få på plass billetten for heile Noreg til neste sommar.
– Toget tek oss på ein miljøvenleg og trafikksikker måte til fantastisk og variert natur, og til nokre av våre flottaste byar. Eg trur ein nasjonal togbillett, tilsvarande ein interrailbillett, kan få fleire til å ta toget på Noregs-ferie.
- Les også: Yrket mitt: Halldis (36) er lokførar