Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg las biografiar av musikarar eg såg opp til, og det gjorde inntrykk. Særleg ein om Bob Dylan.

Poet og musikar Trygve Skaug mimrar tilbake til bøkene han las som tenåring. Dylan-biografien sette spor, og er det éi bok Skaug skulle ynskje han hadde skrive så er det Bob Dylan si Complete Lyrics since 1962.

Ein ny generasjon poesilesarar

Trygve Skaug gav ut si første bok i 2013, diktsamlinga 11 millioner bugg. Sidan den gong har det kome ytterlegare seks diktsamlingar og Skaug har vorte ein av dei mestseljande poetane i heile landet.

Nyleg mottok poeten Bjørg Vik-prisen 2021 for forfattarskapet sitt og bruken av nye formidlingsformer. Skaug deler mange av dikta sine på Instagram, der han har 194 000 følgjarar.

I juryen si uttaling rosar dei Skaug for evna til å nå ut, treffe og gje litterære opplevingar for mange:

– Ved bruk av nye formidlingskanalar som Instagram og andre sosiale medium, har prisvinnaren fått fleire generasjonar til å lese poesi, heiter det i uttalinga.

Bøkene om Ingrid fra Barrøy får Trygve Skaug til å grine. Omslag: Cappelen Damm, Vega forlag, Aschehoug, Gyldendal.

Vi har kika i bokhylla til poeten:

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

– Uff, det er ein stabel der, ass.

Trygve Skaug fortel at på nattbordet – innimellom hårstikk frå døtrene, briller og plekter – ligg ei heil rekkje bøker, alt frå Ol og olstø fra Nordre Baastad skriven av Synnøve Simonsen til biletboka Bo er mørkredd av Morten Pedersen og Turguide til Indre Østfold.

I tillegg ligg desse bøkene og ventar på å verte plukka opp att:

Omslag: Gyldendal, Vega forlag. (Trykk på biletet, så vert det større!)

Skaug fortel at han nok les 10-12 gromme romanar kvart år, slike som tek tid og krev ekstra merksemd.

– Med smått og stort med fagnerding på musikk, hobbyar som t.d. bilinteresse, romanar for meg sjølv og fine ting for unge, så vert det jo mange bøker.

Kva bøker les du helst?

– Historiske romanar, eller bøker der eg lærer noko om kulturar samstundes.

Kor les du?

– Turné, når ungane har lagt seg, høyrer lydbok medan eg joggar eller går tur.

Kva bok vart lesen til deg som liten?

– Mamma og pappa las begge for meg. Dei las Egner og Prøysen og ein del koselege, kristelege barnebøker, då med forteljingar frå Bibelen.

Då han var liten fekk Trygve Skaug høyre frå bøker av Thorbjørn Egner (t.v.) og Alf Prøysen. Foto: Nasjonalbiblioteket/CC BY 2.0, Rigmor Dahl Delphin/Wikimedia Commons/CC BY-SA 3.0

Kva meiner du gjer ei bok god?

– Den må utfordre, overraske, undervise, underhalde og sjølvsagt vere umogeleg å legge vekk.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

– Oi oi.. Så vanskeleg! Men eg kjenner meg ofte litt igjen i dei aller fleste karakterane eg les om. Lever meg lett inn i det, og vert med.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag? Kva ville du servert?

– Halldis Moren Vesaas, og ho skulle fått carbonara.

Foto: Morten Krogvold/Aschehoug, via Orland/Wikimedia Commons

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Levi Henriksen!

Kva av bøkene dine vil du helst sjå filmatisert – og kven spelar hovudrolla?

– Kunne vel nærma seg tema med ein alternativ og litt odd vinkling. Det hadde vorte snåle greier.

Om nokon likevel hadde freista ta fatt på ei av lyrikkbøkene hans for å gjere ho om til film, så har Skaug hovudrolla klar:

– Alt med Bjarte Tjøstheim er verd å sjå, og han kan jo få kva som helst til å funke på ein veldig morosam og sår måte.

Bjarte Tjøstheim vart for alvor kjend gjennom Radioresepsjonen, men har òg gjort suksess som skodespelar. Foto: Vidar Ruud / NTB


Sunniva Roligheten sykla til Gert Nygårdshaug for å gje han ei t-skjorte ho hadde brodert sjølv. Ho fortel at det var kring 40-50 kilometer å sykle ein veg, så det var eit litt slitsamt påfunn. Foto: Privat

Trygve Skaug

Alder: 36

Frå: Trøgstad

Utdanning: Bachelor admin & leiing

Yrke: Formidlar, tekstforfattar og komponist