Leah (19) om Levi (54): – Eg har jo ofte vore irritert på han i prosessen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 06.05.2019 08:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg var litt redd, for tenk om det ikkje var bra nok og pappa måtte ende opp med å skrive heile boka, men det eg har lese så kjenner eg framleis att mitt stoff, seier bokaktuelle Leah Henriksen.

19-åringen frå Kongsvinger er snart ferdig på vidaregåande skule, men har ikkje fått tid til å tenkja så mykje på russetida som opptek mange andre.

Denne våren bokdebuterer ho nemleg med Vinter på savannen på Ena forlag, som ho har skrive saman med forfattarfar sin – Levi Henriksen.

Kva kan du om litteratur? Test deg sjølv her!

Frå diktanalysar til roman

Den ferske debutanten medgjev at ho har kjent på eit visst press for å levere når ho no bevegar seg inn på faren sitt territorium. Den einaste skriveerfaringa ho har frå før er jo frå norsk og engelsk på skulen.

– Men det er jo noko heilt anna å skriva ein analyse av eit dikt, enn å skriva noko heilt anna som kanskje nokon andre kjem til å analysera, seier Leah.

Forfattar og far Levi Henriksen har likevel sett at dottera har ein forfattars evne til å ordleggje seg og sjå ting på, og var difor relativt trygg på at dottera hadde noko litterært å koma med.

– Det handlar jo litt om mitt renommé òg. I dette prosjektet måtte eg først og fremst vera forfattar – ikkje faren hennar. Dette er jo ei bok som folk skal lese, understrekar Levi Henriksen.

19 år gamle Leah Henriksen har diskutert ein del med med far sin i skriveprosessen. Foto: Andrea NøttveitAi skriveprosessen.

Ei jente av si tid

Forfattarveteranen skildrar hovudkarakteren Eleanor som «ei jente av si tid», ei som vil redde verda, er vegetarianar og opptatt av miljøet, ikkje ulikt nokon han sjølv kjenner.

Så er også karakteren Eleanor forma av ei han kjenner ganske godt – ei som ikkje heilt har bestemt seg for studier til hausten, men som siktar seg inn på noko miljøretta.

Namnet Eleanor har karakteren fått etter Beatles-låta Eleanor Rigsby, som er ein referanse 19-åringen i det ferske skriveparet ville ha inn – som eit litterært easter egg.

Dei er begge musikkinteresserte, noko som kan føre til heftige diskusjonar. 54-åringen klarar nemleg ikkje å henge med på alle up and coming-artistar utan etternamn, som Astrid og Sigrid. For Levi Henriksen er det berre ein artist som ikkje har etternamn: Elvis – kongen av rock.

Å veksa opp med kjendispappa

Så korleis har det seg at den veletablerte forfattaren Levi Henriksen har skrive roman saman med nokon for første gong? Og at det vart med yngstedottera Leah?

For to år sidan reiste far og dotter på tur til Kenya i Afrika. Det var eit forslag frå forlaget, som visste kva rolle Leah hadde spelt i faren sitt forfattarskap.

Då Henriksen i 2012 gav ut barneboka Engelen i djevelgapet var den nemleg dedikert til 12 år gamle Leah, som fekk ho i julegåve.

19-åringen gjev Astrid Lindgren, Roald Dahl, fantasylitteratur og framtidsdystopiar mykje av æra for å ha forma ho til den ho er i dag.

Leah har ikkje lese alt faren har skrive, men trur ho har lese og høyrt meir enn det han trur. Sjølv om ho alltid har hatt ein forfattarfar, så kan ho synest det er rart når folk veit kven han er – og difor òg kven ho er.

Det er for så vidt greitt for Levi Henriksen at dottera ikkje går rundt og er fan, berre ho ikkje er som son til Tarjei Vesaas, som synest det var «flaut å ha med kompisar heim fordi faren berre sat og skreiv».

– Eg er vand til at han er forfattar, men her heime er han berre pappa, for så vidt. Eg føler det vert rart å vere fan av ein person du har eit så nært forhold til, seier Leah og legg til:

– Om eg var dottera til Paul McCartney så hadde eg nok syntest det var litt rart òg.

– Det er nokre gonger eg har syntest at pappa er litt kunstnarisk og at det har vore litt spesielt, medgjev Leah Henriksen, som andre gonger kan tenkja at «eg har kul pappa». Foto: Andrea Nøttveit

Heim til Masai Mara

Ena forlag, som er eit imprint i Vigmostad & Bjørke, sendte dei to av garde, utan at dei visste om det skulle bli ei faktabok eller eit skjønnlitterært prosjekt utav det.

Omslag: Ena forlag

Resultatet, Vinter på savannen, er blitt ein roman som skildrar ei danningsreise der Eleanor motvillig reiser på ferie til det afrikanske kontinentet saman med stefaren etter å ha mista mor si.

Då Levi Henriksen kom attende og fekk lese dei første kapitla av bokprosjektet med dottera sat han med ei kjensle av å lesa dagboka til dottera. Han er ikkje i tvil om kven stefaren Stefan er modellert etter.

 – Følte de at det òg var ei danningsreise for dykk?

– Eg føler ikkje at eg endra meg så mykje i løpet av turen, men pappa er veldig glad i å fortella om at han…, seier Leah og speler ballen vidare.

Levi Henriksen vil ikkje heilt gå med på at reisa forandra han så mykje, men forklarar at Afrika gav han ei særeigen kjensle av å kome heim.

– Sånn i utgangspunktet er jo Afrika veldig forskjellig frå Kongsvinger. Så er det òg som ein seier i boka, at: «no må eg slutte å tenkje på Afrika som Afrika». Me har jo då vore i Kenya me, i Masai Mara, presiserer forfattaren.

Og han kan stadfesta at Masai Mara òg er ganske forskjellig frå Kongsvinger.

– Men det var ei slik kjensle av å koma tilbake til noko opphavleg, som eg ikkje var førebudd på. Nesten ei kjensle av å kome heim, som eg aldri har følt, forklarar 54-åringen.

Romanaktuelle Leah Henriksen synest det er større å gje ut si første bok enn å vera russ. Foto: Andrea Nøttveit

Den gong då – kvar gong når

Men debutromanen til Leah og Levi Henriksen er ikkje resultat av ein knirkefri far-datter-tur, som har resultert i eit knirkefritt skrivesamarbeid.

Den mest etablerte forfattaren synest prosessen var «forferdeleg lang» i forhold til kva han er vand med når han står for både idé og ferdig produkt åleine.

Undervegs i prosessen sat dei på kvar sine rom i huset og skreiv kommentarar til kvarandre. Medan Levi retta på handlinga var Leah oppteken av det grammatiske og ein stadig tilbakevendande skrivefeil.

– Eg retta veldig mykje på den gong då, kvar gong når. Og det irriterte meg veldig at han ikkje lærte seg det, ler Leah.

– Eg er fem-og-femti, så eg trur det toget har gått, svarar far.

Rett på rettinga

19-åringen på si side var van med skriftlege tilbakemeldingar frå lærarar om kva som kunne vore gjort betre, noko faren ikkje gjorde.

– Han berre tok det eg hadde skrive og sletta det eller endra. Så spurte eg om han kunne gje meg tilbakemeldingar slik at eg veit litt kor du vil at eg skal skriva, men det ville han ikkje.

Etter at Leah irritert hadde resignert byrja faren å leggje inn kommentarar. Han medgjev at det var utfordrande å finne ut korleis dei skulle samarbeide.

– Sidan ho er dottera mi tenkte eg at ho tålte å bli trampa litt på tærne. Om me skal vere uvener om ting synest eg me kan vere det om andre ting enn å skriva ei bok, seier Levi Henriksen.

Samarbeidsvilje

Medan resten av familien på fire vert karakterisert som bråsinte, meiner Levi Henriksen at han og yngstedottera er like på den måten at dei gjerne vert sure og ikkje blir så fort ferdig med ting.

– Eg synest ikkje me har krangla så fælt, men fordi me har den måten å reagere på så har det vore litt sånn muggen stemning nokre gonger, seier forfattarveteranen.

Dei er begge einige om at det ikkje er noko å ta personleg og har lært eitt og anna om samarbeid.

– Om du berre står på ditt, men òg er litt diplomatisk så kjem du i land og ein vert framleis vener igjen. Me har ikkje krangla mykje, men eg har jo ofte vore irritert på han i prosessen, seier avsluttar Leah, som no gler seg til lansering.

Me har spurt nynorskdebutantane i 2018 og 2019 kva bøker som har gjort dei til den dei er i dag: 

Øvst frå venstre: Oda Malmin, Åsmund H. Eikenes, Svanhild Amdal Telnes, Susanne Skogstad og (nedst frå venstre) Tharaninga Rajah, Mathias Nyhagen Asplund og Mads Rage. Foto: Samlaget, Gloria Forlag, Gyldendal, Aschehoug