Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det var eit vendepunkt i mitt liv som til den dag i dag er noko av det aller største eg har opplevd. Eg er så takksam og stolt over Idol-tida og har publikum å takke for at eg fekk oppleve det fantastiske eventyret fullt ut.

Jorun Stiansen mimrar tilbake til 2004, då ho som 20-åring melde seg på Idol-audition i Kristiansand og forlet planen om å ta over familiebedrifta heime i Vennesla.

– Eg hugsar endå kjensla eg hadde då eg fylte ut søknaden heime på kjøkenet og sende han i posten, skriv Stiansen på e-post til Framtida.no.

Frå Idol til Stjernekamp

Jorun Stiansen vart heile landets favoritt då ho i 2005 gjekk av med sigeren i Idol. Vinnarlåten heitte passande nok This is the night, og etter songkonkurransen følgde både turné og debutalbumet Unstable.

Etter eit avbrekk frå media sitt søkjelys var Jorun Stiansen tilbake i beste sendetid hausten 2017, då ho svinga seg til ein fjerdeplass i Skal vi danse, og seinare tok ho plass som fast inventar framfor tv-en i Sofa.

No er ho igjen å sjå på skjermen som ein av delatakarane i den komande sesongen av NRK-satsinga Stjernekamp.

Dette er årets deltakarar i Stjernekamp. F.v. Anna-Lisa Kumoji, Bjørn Tomren, Jorun Stiansen, Kevin Mbugua, Heidi Ruud Ellingsen, Marius Roth Christensen, Alexandra Rotan, Chand Torsvik, Carina Dahl, Fredrik Domaas. Foto: Julia Marie Naglestad/NRK

Det smukke liv i Vennesla

Då ho var 20 år gammal var Jorun Stiansen på ein fantastisk plass i livet, mentalt og fysisk sett, fortel ho.

– Eg dreiv G-Sport i Vennesla saman med pappa og levde det smukke liv i ein aktiv kvardag saman med familie og gode venner i heimbygda mi.

Ho hadde nyleg gått frå eit langvarig forhold og hadde flytta heimatt på jenterommet sitt heime hjå foreldra.

– Det var heilt konge, fortel 37-åringen no.

Kvar vekedag arbeidde ho på sportsbutikken frå kl. 9 til kl. 17, før ho så drog direkte til Vennesla Treningssenter for styrketrening med mora.

– Etter det var det heim og ha middag før eg råna rundt i Vennesla saman med bestevenninnene mine eller hang heime hjå dei, eller hang hjå besteforeldra mine og åt kake.

Som 20-åring åt Jorun Stiansen ofte kake med besteforeldra Mor Lillian og Far John. Foto: Privat

Stiansen fortel at ho besøkte besteforeldra sine kvar einaste dag på den tida. Både farmora Besta Astrid og besteforeldra på morssida, Mor Lillian og Far John.

– All den tida eg brukte saman med dei er den beste tida eg har hatt i livet mitt og eg er sjeleglad for at eg brukte så mykje tid hjå dei.

Jorun Stiansen og Besta Astrid. Foto: Privat

Sjeleglad for å kunne arbeide

Musikken var allereie ein stor del av livet til 20 år gamle Jorun Stiansen. Heime hadde dei eit studio over garasjen, der ho kunne verte ståande og syngje i fleire timar om gongen.

– Eg hadde eigentleg lyst til å studere musikk, men fekk høyre at mattekarakterane mine var for dårlege til det, minnest ho.

Stiansen var skulelei allereie då ho fullførte ungdomsskulen, men faren hadde fortalt ho at ho måtte gå på vidaregåande for å ta fagbrev og ha ting i orden, noko ho då òg gjorde.

Som 20-åring var ho nettopp ferdig fagutdanna:

– Det var veldig stas å just ha fått fagbrevet i Sal og Service etter 2 år på vidaregåande skule i Vennesla, og det var sååå krytt og stort å drive sportsbutikken saman med pappa.

– Eg ville berre jobbe eg, så når dei andre venninnene på skulen tok endå meir skule, var eg sjeleglad for å vete at min plass var allereie i arbeidslivet. Eg gleda meg.

TOPP, Se og Hør og MTV European Countdown

20-årsdagen sin hugsar ho ikkje for den inneheldt ein del sprit, fortel ho humoristisk.

– Men eg hadde heimefest over garasjen i Vennesla og trur eg hadde sjåfør som køyrde oss til Leopold pub i Kristiansand etterpå.

Lydsporet til kvardagen var Destiny’s Child, Linkin Park, Milk Inc, Tiesto, Jay Z og listepop frå MTV European Countdown.

– Eg las magasinet TOPP slavisk. Elska det magasinet. Og Se og Hør kvar fredag etter mamma og eg gjorde unna helgehandelen på Trekanten Spar, haha.

I 2004 var Destiny’s Child-låten Lose My Breath på hitlistene:

 Angrar ikkje eit sekund

– Då eg var 3 år sa eg at eg skulle verte tv-dame og rockestjerne, eller jobbe som pappa gjorde og selje ski, minnest Jorun Stiansen.

Venndølen fortel at ho kjende ein veldig tryggleik i at foreldra eigde ein sportsbutikk som ho sjølv med tida skulle ta over.

– Det var liksom sånn ting skulle vere. Det å vere i Vennesla og henge med vennar og drive familiebedrifta vidare, så eg var veldig happy hugsar eg. Og livet, slik eg hadde det i Vennesla, saman med familie og gode vennar, føltest heilt riktig der og då.

Endå ho kjende ho var på heilt riktig stad, så gjorde det stort inntrykk på ho å sjå Kurt Nilsen vinne første sesongen av Idol, i 2003.

– Eg kjende at det var ein sjanse eg var villig til å teste og gå for om mogelegheita kom. Og når ho gjorde det, så gav eg slepp på alt og gjekk for det. Og det angrar eg ikkje eit sekund på i dag.

Sjå videoen av Stiansen syngje seg vidare frå første audition i Idol:  

– Herregud, for ein sveis

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Herregud, for ein sveis.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Hald fram med å vere deg sjølv, Jorun. Og styr unna mjølkeprodukt. Du er mjølkeallergisk. Du veit det berre ikkje endå.


Bilete frå bandøving rett etter Anne Lise Frøkedal flytta til Oslo. Foto: Privat