Då eg var 20: Anne Lise Frøkedal flytta frå villastrøk til ei rønne og har aldri vore så blakk

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg kjøpte den finaste gitaren eg nokon gong hadde sett, ein Gretsch silver jet, og levde på havregrynsgraut og linsesuppe i fleire månader. 

Anne Lise Frøkedal tenkjer tilbake på sitt sterkaste minne frå då ho var 20 år gammal, i 2001. Ho brukte kronene sine på gitar og håpa på ei framtid i musikken, men skildrar seg sjølv som ein forsiktig drøymar som eigentleg ikkje hadde trua på at det skulle gå.

– Plan B var å bli litteraturkritikar, fortel ho.

Men det var musikar etnebuen vart.

Frøkedal har ikkje lege på latsida, og har spelt i banda Dharma, Harrys Gym, I Was A King og Lady Hardanger, før ho for seks år sidan òg byrja som soloartist.

No er Frøkedal & Familien aktuell med albumet Flora, som fekk ein femmar hjå Dagbladet. Meldaren kalla Frøkedal ei leiestjerne innan norsk indipop, og meinte plata er hennar beste soloverk.

Anne Lise Frøkedal er aktuell både med ny plate og som forfattardebutant. Omslag: Samlaget

Endå ho ikkje vart litteraturkritikar på fulltid, så har Frøkedal òg ein fot i litteraturverda når ho i år debuterer med ei novelle i samlinga Og alle ting vert nye.

Frå Bergen til Nordstrand

Som 20-åring var Anne Lise Frøkedal i gang med litteraturstudium i Bergen, men innsåg etter kvart at ho hadde for mykje uro i kroppen og hovudet til å sitje på ein lesesal.

 Løysinga blei å flytte til Oslo for å spele i band. Flyttelasset, to banankassar, tok eg med på Haukeliekspressen. Det er inspirerande å tenke på at alt ein trong fekk plass i to slike esker, fortel Frøkedal på e-post til Framtida.no.

Kvardagen gjekk stort sett med til å øve med bandet Dharma, og traske til og frå trikk og t-bane med gitaren på ryggen og våt buksesleng i ein slapsete vinter.

– Etter øving brukte me dei siste kronene våre på ein brun bar, før eg måtte løpe for å rekke siste trikk heim, minnest Frøkedal.

Bilete frå bandøving rett etter Anne Lise Frøkedal flytta til Oslo. Foto: Privat

Livet i Oslo starta ikkje heilt som ho hadde venta, då ho sette seg på bussen mot hovudstaden:

– Eg hadde trudd eg skulle leve eit vilt bohemliv midt i ein pulserande storby, men det viste seg at leiligheten eg og venninna mi hadde fått tak i låg på Nordstrand – i eit barnevennleg villastrøk heilt i utkanten av kollektivnettet.

Etter nokre månadar på Nordstrand flytta Frøkedal til sentrum, der ho og venninna fekk eit rom på deling i det ho skildrar som ei rønne av eit kollektiv. Det første dei gjorde var å ta fram målekosten og måle rommet grønt og knall oransje.

– Eg og venninna mi hadde eit slags rituale der me høyrde på Led Zeppelins Rain Song kvar einaste kveld før me sovna. 

I tillegg høyrde den komande musikaren på Blonde Redhead sitt album Melody Of Certain Damaged Lemons og The Strokes-plata Is This It på repetisjon.

– Begge var viktige inspirasjonplater og fyrtårn av kulheit i mine auger.

Blakk barnehagevikar

20 år gamle Anne Lise Frøkedal skreiv låtar, song og spelte gitar i eit band der alle satsa på å leve av musikken, og ho minnest at det kjendest som livet overgjekk alle forventingar.

– På den andre sida var det ei skjør lykke som var uløyseleg knytt til korleis samarbeidet gjekk og korleis eg og mine idear blei mottatt, fortel ho.

Frøkedal var yngst, den einaste jenta og heilt grøn i musikkbransjen.

Kven var den viktigaste personen i livet ditt?

– Eg trur både bandkompisar, romkamerat og kjærast kjendest enormt viktige. Men dei viktigaste var nok eigentleg foreldra mine, som verken kritiserte eller prøvde å få meg på betre tankar då eg slutta å studere. Dei let meg, utruleg nok, finne ut av alt dette i fred.

Musikkarrieren var ikkje nok til å setje mat på bordet hjå 20-åringen, og Frøkedal fortel at ho aldri har vore så blakk verken før eller sidan. Ho tok seg difor vikarjobb i ein barnehage for å få endane til å møtest.

– Eg hugsar at ungane spurde kor dei vaksne var viss eg var åleine med dei. Og at dei stod på stolane og korrigerte dialekta mi på snørrhovent oslomål: «Det heter ikke sitt skikkelig, det heter sitt ordentlig».

Tequila gjer deg ikkje mindre fyllesjuk

Hugsar du 20-årsdagen din?

– Den blei sannsynlegvis feira i jamt regn rundt eit bål og plaskande i fjorden i heimbygda mi, Etne. Det har vore ein nesten årleg tradisjon sidan eg var rundt 16.

Om Anne Lise Frøkedal hadde møtt seg sjølv som 20-åring, hadde ho nok syntest ho var ganske tøff i trynet, på godt og vondt.

– Og vore glad for å sjå at eg hadde det gøy og gjorde det eg drøymde om. Eg ville nok også blitt litt letta over at eg ikkje er så sårbar for andre sine meiningar lenger.

Bilete frå bandøving rett etter Anne Lise Frøkedal flytta til Oslo. Foto: Privat

Ho tvelar på at ho hadde lytta til eigne råd, men om ho likevel skulle drista seg til å gje dei, så hadde råda vore:

– Sjølv om du blir skikkelig sur når journalistar alltid spør korleis det er å vere jente og spele i rockeband, så kan eit klokt svar frå deg bidra til å ta verda eit lite steg vidare. Det kjem nemleg til å ta lenger tid enn du anar.

– Hald fram med å gjere det som gjer deg glad.

– Tequila gjer deg ikkje mindre fyllesjuk, sjølv om det er «reint». Det einaste som hjelper er å drikke mindre.

Fuglekikar i flagrande skjørt

–  Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Eg var enno ikkje innhenta av tankar og press om at ein måtte prestere noko stort eller bli noko. Dette var ei tid for å leve i augeblinken, med alt det medførte av eufori og mageplask.

Anne Lise Frøkedal hugsar ikkje kva ho tenkte om framtida som låg ti eller tjue år fram i tid, men ho hadde klare tankar om alderdomen:

– Eg skulle bli fuglekikkar, gå i flagrande skjørt, bruke mykje meir sminke og røyke ein sigarett til dagen. Det er ein plan eg held fast på den dag i dag.


Yousef Hadaoui er programleiar i NRK si id-feiring «Festen etter fasten» 2021. Foto: NRK