Politiet åtvarar mot student-svindel
Fleire studentar på bustadjakt har den siste tida vorte svindla på nett. Også jobbsøkjarar blir utsette for målretta passordangrep, åtvarar politiet.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I samband med studiestart og at fleire studentar er på utkikk etter ein plass å bu, åtvarar Oslo politidistrikt mot at fleire unge personar har vorte bedregne, og prøvd bedregne, via nettsida hybel.no.
Svindlarane nyttar open tilgjengeleg informasjon på jobbsøkjar-portalar, og no sist på hybel.no, til å sende ut målretta passordangrep. Her får jobbsøkjarane eller leigetakarane ei forfalska tekstmelding eller e-post, der avsendar gir seg ut for å vere frå rekrutteringsportalen eller frå hybel.no.
Her blir mottakarane bedne om å gå inn på ei lenkje for å avtale time til intervju eller til visning. For å gjere dette må du ifølgje svindlarane først legitimere deg med BankID.
Dette er ei phishing-side som blir kontrollert av gjerningspersonane. Informasjonen som blir stolen, blir brukt til å gjennomføre datainnbrot i nettbanken.
Dersom ein har late seg lure, må ein kontakte banken snarast mogleg, eller kontakt mottakarbank/eigar av kontoen pengane er overførte til, dersom dette er mogleg.
- Skal du leige bustad og er usikker på kva som bør vere med i kontrakta? Her får du ein gjennomgang!