Fleire studiestadar vil ikkje masseteste studentane

Fleire studiestadar vil ikkje masseteste studentane, sjølv om styresmaktene tek rekninga.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norges handelshøgskule i Bergen (NHH) testar alle studentar dagleg under fadderveka. Over 100 studentar blei smitta ved studiestart i fjor, og arrangørane av fadderveka vil unngå liknande tilstandar, skriv NRK Vestland.

Verken Universitetet i Oslo (UiO), Oslomet, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), Universitetet i Agder (UiA) eller Universitetet i Bergen (UiB) planlegg å masseteste studentar, ifølgje NRK.

Samfunnet i Trondheim vil krevje at studentar er vaksinerte med minst éin dose for meir enn tre veker sidan, har vore sjuk av viruset for under seks månadar sidan, eller er testa.

Universitetet i Stavanger (UiS) planlegg som NHH å masseteste.