Elevorganisasjonen vil ha omkamp om fråværsgrensa

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2016 blei regelen om at dersom ein elev på vidaregåande skule er borte meir enn ti prosent frå undervisninga i eit fag, skal eleven som hovudregel ikkje få standpunktvurdering i faget.

Då koronapandemien ramma våren 2020, forsvann fråværsgrensa i den vidaregåande skulen.

– Då må vi stilla oss sjølve spørsmålet: Skal vi ha så skjøre system i skulen, at når det kjem ein pandemi så må vi oppheva dei? Då ville vi sagt nei, seier leiar Edvard Botterli Udnæs i Elevorganisasjonen til NRK.

Organisasjonen håpar på omkamp om å få regelen fjerna etter valet.


Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen