Universiteta i Agder og Stavanger søkjer om juss- og psykologiutdanning
Universiteta i Agder og Stavanger vil søke om å få godkjend juss- og psykologiutdanningar etter at monopolet på å tilby full jussutdanning og profesjonsstudiet i psykologi er oppheva.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Ja, vi søkjer om begge og vil med veldig stort sannsyn kunne tilby både profesjonsstudiet i psykologi og master i rettsvitskap frå hausten 2022, seier prorektor for utdanning ved Universitetet i Stavanger (UiS), Astrid Birgitte Eggen, til Khrono.
Før sommaren var gradsforskrifta oppheva. Det gjer at det mellom anna ikkje lenger er monopol på å tilby full jussutdanning og profesjonsstudium i psykologi. No vil både Universitetet i Agder og Universitetet i Stavanger søke Nokut (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga) om akkreditering av desse utdanningane. Søknadsfristen er 15. september (©NPK)