6000 studentar står framleis i bustadkø

Køen er lengre enn på same tid i fjor, sjølv om fleire studentar har fått tildelt bustad.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Det opplyser Samskipnadsrådet i ei pressemelding.

I alt er 6102 studentar i kø til studentbustad 1. september. Aller størst er køen i Oslo, der 1828 studentar ventar på å få tildelt hybel ved studentsamskipnaden.

– Av erfaring veit vi at ein del av dei som står i kø allereie har funne andre bustadløysingar, og at det vil løyse seg for fleire framover. Vi forventar at tala vil halde fram med å falle mot slutten av semesteret, seier Håvard Staff Brenno, bustaddirektør i Studentsamskipnaden i Oslo (SiO) til NTB.

Her er ventelistene lengst:

  • Trondheim: 1808
  • Ås: 424
  • Bergen: 360
  • Stavanger: 320
  • Tromsø: 295
  • Ålesund: 199
  • Kristiansand: 141
  • Bodø: 41

Samskipnadane opplyser om at fleire av dei som står i kø, ventar på ein spesifikk bustad.

Samstundes er det tildelt over 20 000 studentbustader sidan mai, og det er delt ut 684 fleire bustader enn på same tidspunkt i fjor.

Venteliste hos alle studentsamskipnadane i Noreg

  • Norges arktiske studentsamskipnad: 358
  • Nord studentsamskipnad: 51
  • Studentsamskipnaden i Innlandet: 90
  • Studentsamskipnaden i Indre Finnmark: 0
  • Studentsamskipnaden i Gjøvik, Ålesund og Trondheim: 2104
  • Studentsamskipnaden i Stavanger: 320
  • Studentsamskipnaden i Agder: 174
  • Studentsamskipnaden i Molde: 5
  • Studentsamskipnaden SiO: 1930
  • Studentsamskipnaden i Sørøst-Norge: 227
  • Studentsamskipnaden i Volda: 28
  • Studentsamskipnaden i Østfold: 4
  • Studentsamskipnaden i Ås: 424
  • Studentsamskipnaden på Vestlandet: 387