Førstegongsveljarar: – Blir stas å endeleg røyste

I år er det stortingsval, og mange unge har no sjansen til å nytte røysteretten for første gong. Men kva tankar har førstegongsveljarar om det å røyste, og kva saker er viktige for dei?

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kristiane Vartdal Vågen. Foto: Privat

Kristiane Vartdal Vågen (17), Volda

Nestleiar i Volda Press.

– Kva er dei viktigaste sakene for deg ved årets stortingsval?

– Skulepolitikk er viktig. Eg vil få ein slutt på fråværsgrensa. Spesielt under korona såg ein kor tungvint det kan vere med legeattest. Folk har kanskje ulike grunnar til å ikkje møte på skulen, og det må ein kunne ta omsyn til. Det er òg viktig for meg å fokusere på klimapolitikk og innvandringspolitikk. Psykisk helse er òg noko eg vil trekke fram. Skulle ønske det var meir kunnskap om dette, det kunne til dømes vere eit eige tema på skulen.

– Korleis orienterer du deg før valet?

– Då eg hadde samfunnsfag i fjor, lærte vi litt om dei ulike partia og kva dei stod for. Eg har ikkje sett meg heilt inn i det enno, men planlegg å gjere det når det nærmar seg. Eg trur eg vil bruke partia sine eigne nettsider, nøytrale oversiktssider og valgomat for å gjere eit informert val.

– Kva tankar har du som førstegongsveljar?

– Det å røyste er nytt for meg, så det er absolutt veldig spenningsfullt. Det er morosamt å vite at ein kan vere med på å påverke politikken i Noreg. Eg føler eit ansvar til å ta valet på alvor, som ein representant for dagens ungdom.

– Kva skal til for at unge skal engasjere seg i dag?

– Eg trur engasjementet har mykje med enkeltsakene å gjere. Eg merkar sjølv at engasjementet varierer avhengig av sak. Det kan til dømes vere tema som angår ein sjølv, eller berre tema som angår unge generelt. Eg føler det å bli medlem i ein organisasjon som positivt for engasjementet. Det er viktig for unge å oppleve at ein blir høyrt og at det skjer endringar. Det er også bra med skuledebattar.

Andrine Lundekvam. Foto: Privat

Andrine Lundekvam (17), Førde og Sogndal

Vara i Vestlands ungdomsutval

– Kva er dei viktigaste sakene for deg ved årets stortingsval?

– For meg vil samferdsel og kollektivtransport vere viktige tema. Dessutan er eg oppteken av nærskuleprinsippet, det er ganske urettferdig slik det er no med dei sakene ein har sett med vgs-elevar som ikkje kjem inn på dei skulane dei ønskjer.

– Korleis orienterer du deg før valet?

– Eg får opp mykje innhald på Facebook. Spesielt videoar frå dei ulike partia. Eg er bevisst på å sjå alle videoane uavhengig av partiet som står bak. Utanom det les eg litt i lokalavisa.

– Kva tankar har du som førstegongsveljar?

– Det har eg ikkje tenkt så mykje på enda, men eg er spent, grugledar meg nesten. Eg har jo aldri gjort det før og veit heller ikkje kva eg vil stemme enda.

– Kva skal til for at unge skal engasjere seg i dag?

– Vaksne må inkludere dei unge, og kunne gi dei ansvar til å ta val. Dei må gi rom for at unge skal kunne komme med innspel i saker som angår dei.

 

Isak Dahle Austrheim (18), Stavanger

– Kva er dei viktigaste sakene for deg ved årets stortingsval?

Isak Dahle Austrheim. Foto: Privat

– Eg synest bustadpolitikk er viktig i årets val. Eg har prata litt med bror min som er inne på marknaden, og opplever at prisauken gjer det uoppnåeleg for unge som vil inn på marknaden. For meg er også innvandringspolitikk viktig. Vi har moglegheit til å ta i mot fleire enn vi gjer i dag. Skulesystemet kjennest litt utdatert slik det er i dag. Nokre fag hadde trengt ei oppdatering, som til dømes norsk. Dessutan syns eg det er for mykje testing i alt mogleg på skulen.

– Korleis orienterer du deg før valet?

– Eg har prøvd valgomat, og så følgjer eg litt med på nyhende. Elles pratar eg mest med foreldre, venner og familie.

– Kva tankar har du som førstegongsveljar?

– Det er viktig at førstegongsveljarar stemmer uansett kor engasjert ein er. Nokon gler seg nok til å stemme medan andre kan vere meir likegyldige.

– Kva skal til for at unge skal engasjere seg i dag?

– Vi burde prate meir om politikk på skulen. Vi har litt om sjølve partia, men det kunne godt ha vore meir om sjølve politikken.

Gyda Ulrikke Waagbø. Foto: Privat

Gyda Ulrikke Waagbø (18), Molde

Leiar i Molde Ungdomsråd, nestleiar i Molde Natur og Ungdom, og medlem i Ungdomspanelet Møre og Romsdal.

– Kva er dei viktigaste sakene for deg ved årets stortingsval?

– Klimapolitikk er kjempeviktig for meg. Miljøet er ei hjartesak, og eg ser på klima som ein grunnstein for mykje anna. Eg skjønner det er ein kompleks sak, men tenkjer at vi treng å få det på plass aller først samtidig som vi tenkjer på andre utfordringar.

– Korleis orienterer du deg før valet?

– Eg har prøvd ut dei fleste valgomatane. Og så les eg litt partiprogram på nett. Prøver å finne nokre uavhengige kjelder, fordi eg tenkjer dei fleste parti er mest opptatt av å framstille dei positive sidene sine.

– Kva tankar har du som førstegongsveljar?

– Det å røyste har eg gledd meg til i mange år. Eg synest det er veldig stas å kunne røyste og det blir gøy å endeleg kunne delta i det fellesskapet. Kvar stemme tel!

– Kva skal til for at unge skal engasjere seg i dag?

– Partia må fremje saker ungdom interesserer seg i. Er kanskje meir relevant med kollektivtransport enn eigedomsskatt for dei fleste unge. Ein må informere tydeleg så unge veit at det er val, korleis ein brukar røysteretten og at dei forstår kvifor det er viktig å bruke han. (©NPK)

LES SISTE NYTT OM STORTINGSVALET HER!