– Kvifor skal ikkje nynorskelevane våre vere like mykje verdt som andre? spør rektor Viviann Midtbø. Ho er rektor ved Skavøypoll skule i Vestland fylke.
I samband med fagfornyinga og ny læreplan blei det behov for nye lærebøker. Rektoren opplever at forlaga prioriterer bokmål, medan nynorskversjonane lèt vente på seg til langt ut i skuleåret.
– Me bryt lova heile tida, seier rektoren i Kinn.
Fylkesleiar i Utdanningsforbundet i Vestland Steinar Strømsli kan også fortelje at dette er eit kjent problem.
– Dette har me sett i årevis. Dette skapar eit enormt meirarbeid for lærarane, men mest av alt viser det liten respekt for elevane, seier han.
- Les også: SV krev betre nynorskopplæring i lærarutdanningane
Silje Høgelid (t.v.) og Hege Lothe frå SV i Sogn og Fjordane vil styrka nynorsken ved lærarutdanningane. Foto: Privat og Jo Straube