Pandemien har gjort at nordmenn har produsert avfall som aldri før. Ein god del av auken er det hyttefolket som står for, skriv NRK Sørlandet.
mm

Til saman kasta nordmenn 2.418.000 tonn hushaldsavfall i 2020.

Det er ein auke på 6,3 prosent frå året før, og det høgaste nokosinne, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

– Frå 2019 til 2020 auka avfallsmengda frå 489 til 531 kilo per innbyggjar. Det er ein stor auke, seier kommunikasjonsansvarleg i Avfall Sør Lars Pedersen.

Bedrifta, som hentar søppel i kommunane Kristiansand og Vennesla, har eit høgare snitt enn landet elles.


Les også om produkt av eingongsplast som har blitt forbodne

Frå og med laurdag 3.juli får du ikkje lenger tak i slik eingongsplast. Foto: Sharon McCutcheon/ Unsplash, FLY:D/ Unsplash og Colourbox. Kollasj: Framtida.no
ANNONSE