Kvar blei det av kvinnene?
Kvifor finst det nesten utanlukkande minnesmerke over menn? Kva fortel det oss om historieskrivinga som går føre seg i det offentlege rom?
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I boka Fast plass: Norske kvinner på sokkel (2017) fann forfattarane fram til 80 statuar eller minnesmerke over namngitte kvinner i Noreg, der 30 av desse høyrde til i Oslo.
I 2023 kjem Oslo til å verta eit minnesmerke rikare: For å markera omtrent hundre år med kvinnerepresentasjon i politikken planlegg Stortinget å avduka ein statue av den fyrste kvinnelege stortingsrepresentanten Anna Rogstad.
På Eidsvolls plass står allereie fem menn frå før av – avduka høvesvis mellom 1881 og 2014. Rogstad vert såleis den fyrste kvinna på sokkel som får pryda Eidsvolls plass.
Med andre ord: Sjølv om kvinner har spela ei rolle i stortingspolitikk i lang tid, skulle det gå endå lenger tid før ei kvinne fekk ta del i femmarbanden på Eidsvolls plass. Kvifor minnest me nesten berre menn? Kva fortel det oss om historieskrivinga som går føre seg i det offentlege rom?
Skeiv historieforteljing
Museolog Hilde Granum har skrive masteroppgåve om Kvinnemuseet på Kongsvinger og ser fleire grunnar til kvifor det er slik.
– Restane av ein del forelda ideal heng igjen og me har framleis ein tendens til å fokusera på sigersherrane og «dei på toppen», som jo ofte er menn. Typiske kvinnetradisjonar og -arenaer har vorte og vert framleis oversett og bortprioritert, skriv Granum til Framtida.no.
Det er ei skeiv og unyansert historieforteljing som utfoldar seg i det offentlege rom.
Hege Elisabeth Løvbak er leiar i Oslo Kvinnesaksforeining. Ho fortel via e-post at minnesmerka seier noko om kva slags innsats eller roller ein tenkjer er og var viktige nok for ein slik heider.
Historiske kvinner og betydinga deira vart usynleggjort
– Minnesmerke er nok delvis eit produkt av samtida og viser kven som vart sett på som betydingsfull. Kvinnene og rollene dei hadde vert usynleggjort.
Men det er mogleg å retta opp historiaforteljinga.
Kvinner lyftar kvinner
Norsk kvinnesaksforeining, Noregs fyrste feministiske organisasjon grunnlagt i 1884, har gjennom historia samla inn pengar til mange av minnesmerka som er tileigna kvinner rundt omkring i landet.
– Det er ofte slik at vil ein få gjort noko, er det best å gjera det sjølv, skriv Gunhild Ramm Reistad til Framtida.no.
Ho er med i byvandringsgruppa til Oslo Kvinnesaksforeining og har gjennomført ei rekke byvandringar med kvinneperspektiv. I tillegg har gruppa sett saman ein brosjyre for dei som ynskjer å ta vandringane sjølv.
Kvinner utrettar like mykje som menn
Reistad påpeiker at dei fleste minnesmerka gjeld menneske som har hatt
ei framskoten stilling i samfunnet eller skapt det sjølv. Tradisjonelt har det vore menn som har hatt framskotne stillingar, men no er det i endring.
Reistad er likevel optimistisk for framtida, og gjennom byvandringane når forteljinga om Rogstad og andre historiske kvinner folk utanom desse enge kretsane.
– Den kollektive hukommelsen vil gradvis bera preg av det alle veit: Kvinner utrettar like mykje som menn!
Liknande problemstillingar i historie- og museumsfaget
Mangelen på kunnskap om historiske kvinner strekk seg lenger enn kva minnesmerke angår. I historiefaget og museumsfeltet har ein lenge hatt ein liknande debatt om kor lett kvinner vert dytta ut av historieskrivinga til fordel for forteljingane om viktige og innflytelsesrike menn.
– Innan historiefaget har ein sidan 1970-talet jobba aktivt for å skriva kvinner inn i historia, og i 1995 opna Kvinnemuseet i Kongsvinger, som ein reaksjon på mannsdominansen innan museumsutstillingar og -samlingar her til lands. Kvinnemuseet har i dag eit nasjonalt ansvar for å dokumentera, ta vare på og formidla kvinnehistorie.
Minnesmerka pregar idéen om vår felles identitet, då kven og kva me hugsar formar sjølvforståinga vår
Granum etterlyser eit målretta engasjement for å få noko gjort med saka, slik som mellom anna Bergen kommune har fått til gjennom prosjektet «Kvinner på sokkel». Kommunen har bestemt seg for å reisa fem nye statuar av namngitte kvinner dei neste ti åra. Fem monument er ikkje heile verda i ein by med over 70 minnesmerke, men samstundes er ho glad for at prosjektet har generert både engasjement og kritikk – noko som kan bidra til å synleggjera aktualiteten av tematikken.
– Minnesmerka pregar idéen om vår felles identitet, då kven og kva me hugsar formar sjølvforståinga vår. I likskap med gatenamn burde monument som vert plasserte i det offentlege rom spegla breidda og mangfaldet i befolkninga i langt større grad enn kva som er tilfelle i dag.
Tips til Osloborgarar og besøkande: Feministisk Osloguide
Medan me tel ned dagane på avdukinga av Rogstad og nyt Oslosommaren på sitt beste –kva passar vel betre enn å ta ein tur ut i sola og læra meir om desse kvinnene som har sete sitt preg på byen? Inspirert av byvandringane til Reistad & Co – her finn du forslag til ei rute som byrjar med Aasta Hansteen på Aker Brygge og sluttar med Sigrid Undset i Stensparken!