Kvinner å minnast: Feministisk Oslo-guide for deg som vil oppdage byen på nytt

Kristina Kassab Liland
Publisert
Oppdatert 12.07.2021 10:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kanskje det er på tide med ein pilegrimstur til gatene i Tigerstaden for å verta kjend med kvinnene som kjempa med tann og klør for ein plass i historia og, ikkje minst, ein rettkomen plass i byrommet.

Denne ruta kan du ta for å verte betre kjend med byen og kvinnene som har vore med å forma den: 

Aker brygge: Statue av Astaa Hansteen

Det var fyrst og fremst målsaka som gjorde at Aasta Hansteen (1824-1908) skulle byrja å engasjera seg politisk, men i dag er ho mest kjent som målar og kvinnesakspionér. Ho var den fyrste kvinna som vert profesjonell kunstnar her i landet og skreiv kronikkar og bøker om kvinnesaka fram til ho døydde.

I tillegg var ho kjent for å vera frimodig og ukvinneleg sidan ho var den fyrste kvinna i Noreg til å halda offentlege foredrag. Særs ukvinneleg då, men i dag rommar kvinnelegheit mykje meir – og dèt til takke for kvinner som Hansteen.

Nationaltheatret: Tre kvinner i sentrum

Nationaltheatret ligg på det som i dag heiter Johanna Dybwads plass, oppkalt etter ein av dei mest kjente skodespelarane i si tid, Johanna Dybwad (1867-1950).

Ein annan og kanskje meir kjent skodespelar finn ein i skulpturen framfor teateret, nemleg Wenche Foss (1917-2011). Foss var ein aktiv samfunnsdebattant og hjartesaken hennar var å bidra til auka kunnskap og forståing for barn med Downs syndrom, i og med at ho sjølv var mor til ein son med Downs syndrom.

På denne benken framfor fontenen på Nationaltheatret i Oslo sentrum sat Kim Friele for å koma i kontakt med likesina på 60-talet. Foto: Tore Meek / NTB

Oslo har på lik linje med Bergen sin eigen Kim Friele-benk, som står ved fontenen framfor Nationaltheatret. Friele (1935-) er aktivist og homoforkjempar, og har opp igjennom årene vore den viktigaste stemmen til forsvar for homofile og lesbiske sine rettar. Då ho kom til Oslo frå Bergen som 23-åring, brukte ho å sitta på denne benken kvar laurdag i to år for å speida etter andre skeive kvinner og ein potensiell partnar.

Slottsparken: Statue av Camilla Collett

Fyrste kvinna på sokkel i Noreg! Norsk kvinnesaksforeining (den fyste feministiske organisasjonen i Noreg) vart grunnlagt omtrent det same året som ho døydde, og i 1911 fekk dei på plass ein skulptur av Camilla Collett (1813-1895) som i dag står stødig i Slottsparken.

Ho er mest kjend som forfattar, men skreiv hovudsakleg essays og kjempa for kvinnefrigjering lenge før det fanst ei organisert kvinnerøyrsle i Noreg.

Vår Frelsers gravlund: Grava til Gina Krog

På grava til Gina Krog (1867-1916) står ei byste i marmor som Norske kvinners nasjonalråd bekosta i 1919. Krog var med på å stifta rådet og sto bak fleire organisasjonar som kjempa for kvinner sine rettar, stemmerett og rett på utdanning – mellom anna Norsk kvinnesaksforeining.

I samtida hennar vart ho omtala som «Høvdingen i norsk kvinnerøyrsle» som tydar at denne lista ikkje kunne vore fullstendig utan Krog.

 Dalsbergstien 3: Snublesteinen til Ruth Maier

«Gud, hvis du ennå ser:/det er ingen hverdag mer.»

Kjente strofer av Gunvor Hofmo gitt ut i Jeg vil hjem til menneskene frå 1946 og som fortel noko om sorgen etter tapet av venninna hennar, Ruth Maier. Maier og Hofmo hadde en djup og inderleg kjærleik til kvarandre, som Maier også skildrar i dagbøkene hennar.

Maier vart fødd i 1920 i ein jødisk-østerriksk familie i Wien, kom som flyktning til Noreg i 1939, og budde i landet fram til ho vart deportert og drept i 1942 i Auschwitz.

I Oslo finst det to (!) minnesmerke av Maier og på ruta finn du den eine av dei, ein snublestein framfor det tidlegare pensjonatet for jenter og unge kvinner i Dalsbergstien.

Fagerborg kirke: Sigrid Undset

Avslutt turen med Undset-statuen i Stensparken ved Fagerborg kirke og unn deg ein is i sola. Sigrid Undset (1882-1949) er utan tvil den mest kjente kvinnelege forfatteren frå Noreg, men ho var også kvinnesaksforkjempar, dyktig samfunnsdebattant og kritiserte iherdig Hitler og fascismen.

Sjå kartet over minnesmerka:


Karen-Christine som 21-åring (til venstre). 10. august var Kim Friele med på å feira Storapride på Stord. Foto: privat og Svein Olav B. Langåker