Silje (22) går for OL-gull, men får ikkje lov til å hoppe i dei største bakkane

Karine Jonsrud Pedersen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har alltid drøymt om å både bli olympisk meister og verdsmeister. Det er for så vidt målet for sesongen også, seier Silje Opseth (22).

Medan Sommar-OL er i full gang i Tokyo i Japan, gjer Silje og resten av hopplandslaget seg klare for OL i Bejing, Kina til vinteren. Opseth trur ho har sett seg eit litt hårete mål, men at det kan vere mogleg.

– Når eg sette meg målet for sesongen tenkte eg «shit, det er så hårete som du får det», men så veit eg at eg ikkje hadde satt det målet med mindre det var realistisk. Eg har jo bevist at eg kan vinne hopprenn, og eg veit veldig mykje av kva som skal til. Derfor føler eg at det absolutt er mogleg.

Opseth deltok også i OL i Pyeongchang i 2018 der ho kom på 16. plass i det som er kalla normalbakke.

– Kva gjer du om du ikkje når måla dine? 

– Eg knekk litt saman og grev meg sjølv ned. Eg har vore så nær så mange gongar.

Ho viser til 2019-sesongen då målet var å kome på topp ti. Ho blei nummer elleve med 0,3 poeng unna tiande plassen.

Under verdenscupen på Lillehammer i 2020 sto Opseth øvst på pallen, men eit par timar seinare måtte ho gi frå seg plassen til lagvenninne Maren Lundby. Det var noko feil med resultatlista.

– Den omveltinga var skikkelig tøff. Det var eit sammensurium av kjensler. Eg håper ingen får oppleve noko sånt, for det var ikkje særleg kult.

Opseth klarte ikkje heilt å glede seg over resultatet hennar, sjølv om det var det beste ho nokon gong hadde klart.

Ho seier ho heldigvis har mange gode folk rundt seg som veit å motivere og pushe ho opp på riktig side igjen.

– Stort sett så lærer ein av det når det ikkje går som ein ønskjer.

F.v. Silje Opseth, Anna Odine Strøm, Maren Lundby og Thea Minyan Bjørseth under medaljeseremoni VM på ski 2021 i Oberstdorf, Tyskland. – Vi unner kvarandre suksess, seier Silje Opseth. Foto: Terje Pedersen / NTB

Alltid drøymt om OL

Draumen om OL har budd i Opseth i lang tid, til og med før ho fann hoppsporten.

– Eg hugsar spesielt godt då eg gjekk på barneskulen og vi hadde OL-dag. Då lagde eg ein sånn plakat av OL-elden og den har alltid hange på soverommet som ein motivasjon: Eg skal sjå han på ekte, ler Opseth.

Ho kjem i frå ein treningsglad familie, og kan fortelje at ho var på det fyrste orienteringsløpet hennar då ho var fem dagar gamal.

Før ho starta med hopp, var det langrenn og orientering som var i fokus. Men orientering er ikkje ei olympisk grein, så OL-draumen måtte oppfyllast på anna vis.

Biten av hoppbasillen

– Akkurat kvifor det blei skihopp var veldig tilfeldig, fortel Opseth.

Ho fortel at det var etter eit nyttårshopprenn hos nokre familievenar ved ein fjellstugu på Beitostølen at ho fekk beskjed om at ho måtte teste skihopping på ordentleg. Ho lånte hopputstyr og blei med til den lokale hoppbakken, og blei, som ho sjølv beskriv, biten av basillen.

Silje Opseth har hoppa på ski sidan 2010. Ho har så mykje glede av idrett at ho aldri kunne lagt det på is og gått for ei utdanning og ein A4-jobb. Foto: Privat

Frå då av begynte Silje med kombinert (langrenn og skihopping) fram til ho starta på NTG på Lillehammer. Der spesialiserte ho seg på hopp, og blei også tatt ut på landslaget.

OL-byen er framleis bustaden hennar, seks år etter at ho flytta dit frå heimstaden Hole. Her trener ho, og tek også ein bachelor i ernæring via internett. Men studia må vike litt når ein prøver å bli verdas beste skihoppar.

– Eg tek det veldig på deltid. Eg har vel gått litt over eit semester på to år. Så det går veldig sakte, seier ho med eit smil.

Ho fokuserer fullt og heilt på sporten sin.

Slik beskriv ho kjensla av å hoppe:

– Ein får eit adrenalin når ein hoppar lenger og lenger. Sjølv om eg ikkje hoppar lenger for kvar gong no, er det den kjensla eg jobbar etter. Den kjensla av take-off når det verkeleg berre funkar på alle måtar. Det er noko heilt spesielt, det er ingenting som kan samanlikne seg med det.

Det er noko heilt spesielt. Det er ingenting som kan samanlikne seg med det.

Hoppkvinner får lov til mindre enn mennene

Men sjølv om Silje er med på landslaget, har vore med i OL og tatt fleire sølv- og bronsjemedaljar i verdsmeisterkap, har ho aldri kjend kjensla av take-off i dei største bakkane. Der får nemleg ikkje kvinner lov å hoppe.

– Vi får til dømes ikkje lov å hoppe her, seier Opseth og ser opp på ein av verdas to største hoppbakkar. Den er i Vikersund i Modum kommune, og det er her ho møter Framtida.no for eit intervju.

Her får ikkje kvinner lov å hoppe. Biletet er frå lagkonkurransen i RAW AIR i Vikersund mars 2018. Foto: Terje Bendiksby / NTB

Det er særleg under korona, då nesten alle hopprenn for kvinner blei avlyst, at den skeive likestillinga i hoppsporten blei ekstra tydeleg. For Opseth var ikkje det noko nytt.

– Det er eigentleg noko eg har møtt på så lenge eg har hoppa på ski. Men eg synest ikkje noko om det i det heile tatt. Eg synes det er litt trist at vi gong på gong må jobbe for å bevise at vi er gode nok til å kunne drive med det her, og at vi faktisk høyrer heime i hoppbakkar på lik linje med gutta, seier ho.

Eg synest det er litt trist at vi gong på gong må jobbe for å bevise at vi er gode nok.

– Produktet herrehopp har større verdi

Ho trur mange av forklaringane kan sporast tilbake til økonomi.

– Eg skjønner at produktet herrehopp har større verdi på papiret som følgje av at dei har vore ein grein lenger enn oss, og dei har opparbeidt seg ein stor fanskare. Det er noko vi ikkje har, og derfor er ikkje inntektene like store når det er renn for oss. Men så er jo spørsmålet kor ein skal starte.

Opseth skulle ønskje at kvinnene fekk vere litt meir med gutta og hoppe i større bakkar, fordi det er artigare for publikum å sjå på.

– Då trur eg verdien ville ha auka, seier ho.

Skihopparen avblåser argument som handlar om sikkerheit.

– Det er sjølvsagd større krefter som rykkjer inn, og det er meir trykk og kompresjon i tilløpet og i det du landar, men eg vil seie at vi meistrar store bakkar ganske godt. Vi har utvikla oss raskt. Kvinnehopp har utvikla seg raskt, slår ho fast.

Spørsmål om tid

Opseth har ikkje gitt opp målet om å få hoppe i verdas største hoppbakke.

– Eg håper verkeleg at eg ein gong får hoppe her. Det gjer eg. Og eg trur jo det. Eg har veldig lyst til å tru det i alle fall. Spørsmålet er berre kor lang tid det tar.

Silje Opseth fortel at Vikesundbakken er omlag 60 meter større enn dei bakkane ho hoppar i til vanleg. Men sjølv om det er større krefter inne i biletet er ho ikkje redd. Ho vil hoppe her ein gong, og håper at kvinner snart kan få lov. Foto: Karine Jonsrud Pedersen

Ho forklarar at det er det internasjonale skiforbundet, FIS, som må ta den endelege avgjersla. Dei ulike nasjonane i det som er kalla Kalenderkomiteen kan stemme for at kvinner skal kunne hoppe i større bakkar (kalla skiflyging). Opseth håper at fleire stemmer for neste år, og seier at både det norske skiforbundet og arrangørar som Vikersund hoppsenter støtter skiflyging for kvinner.

Vi har utvikla oss raskt. Kvinnehopp har utvikla seg raskt.

Har ofra mykje

I ein toppidrettskvardag må ein ofre mykje. Opseth seier det er nokre gongar ho berre har lyst til å gje opp alt.

– Men så veit eg at det berre er ein avgrensa periode i livet eg kan oppnå noko etter idretten, og det kjem ei tid etter karrieren kor eg kan leve normalt. Eg føler absolutt at det er verdt det.

Ho ser fram til å ein gong ta igjen mykje av det sosiale, og det å slappe litt meir av når det kjem til kosthald og trening.

Tidlegare i vinter var Silje Opseth i Oberstdorf og trente for VM. Foto: Terje Pedersen / NTB

Lev stort sett litt i isolasjon

Da korona stengde ned landet, merka ikkje den unge skihopparen så mykje forskjell. Ho forklarar at ho stort sett lev litt i isolasjon, og at ho har eit begrensa tal på menneske som ho møter i kvardagen. Men frå å vere i utlandet fleire veker kvart år, blei det ei stor endring då det meste skulle gå føre seg i Noreg.

Til jul igjen fekk dei lov å reise, og på nyåret blei det fleire turar for å gjennomføre sesongen. Men toppidrettsutøvarar slepp ikkje unna karantenekrava.

– Enten sat eg i karantene heime eller så var eg i utlandet, fortel Opseth.

Ho er glad i å reise og liker best dei turane kor dei får sjå meir enn flyplassar, hotellrom og skog. Holeværingen treivst veldig godt i Japan, og fortel at kulturen har gjort inntrykk.

– Folk er berre så venlege og høflege, og så er det ein heilt annan matkultur, eit anna klima og miljø. Det synest eg er så kult.

Men sjølv om Opseth er reisevand, er det Vikesundbakken som er den store draumen.

– Kor ser du deg sjølv om ti år? 

– Eg har ikkje peiling, men eg håper at eg har klart å nå dei måla eg har satt meg som skihoppar. At eg til dømes har hoppa her.

Opseth ser igjen opp mot ein av verdas to største hoppbakkar.

Ellers håper ho at ho har funne ut av kva ho vil bli etter hoppkarrieren og at ho er ferdig med høgare utdanning.

Men fyrst: OL i Bejing til vinteren.


  • Les også om Tonje (22) som driv med ein «ulovleg idrett»: – Thaiboksing handlar om respekt. 

    Tonje Strand Paulsen driv med ein sport som er ulovleg å konkurrera i på profesjonelt nivå i Noreg. Foto: Privat.