Øyretelefonar – skadeleg for høyrselen?
Hovudtelefonar og øyrepluggar med moderat lydvolum er ikkje skadeleg.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Med moderat volum på hovudtelefonar eller øyrepluggar, blir ikkje høyrselen skadd. Men høgt volum rett inn i øyret over lang tid er ikkje bra, viser ein studie.
Bruken av hovudtelefonar og øyrepluggar har auka frå 8 prosent i 1998 til 30 prosent i 2018, ifølgje Folkehelseinstituttet, som står bak studien.
– Vanleg bruk av hovudtelefonar eller øyrepluggar ser ikkje ut til å vere skadeleg, så lenge du ikkje skrur volumknappen på veldig høgt. Funna i studien stadfestar at vi trass i stadig aukande bruk av høyretelefonar og øyrepluggar, ikkje ser ein auke i tap av høyrsel, seier forskar Bo Engdahl frå FHI.
Resultata viser ingen forskjell på dei som brukte hovudtelefonar eller øyrepluggar og dei som ikkje gjorde det.
I studien vart høyrselen til 12.115 vaksne mellom 20 og 79 år testa både i 1998 og 2018. Studien er gjennomført med data frå helseundersøkinga i Trøndelag (Hunt).