Rapport: Det må gjerast omfattande grep i plasthandteringa i Noreg

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rapporten, som er skriven av rådgivingsselskapet Systemiq, trekker fram Noreg som eit land som tek ei aktiv rolle i nedkjempinga av plast globalt – men gir liten tvil om at det må gjerast drastiske endringar.

Lars Brede Johansen. Foto: Handelens Miljøfond

Ifølgje ei pressemelding frå Handelens Miljøfond blir det i dag berre vunne att 24 prosent av plasten vi forbrukar, og Noreg må gjere omfattande grep for å få betre kontroll.

Kvar nordmann kastar i snitt 101 kilo plast kvart år.

– Det er viktig å få ei oversikt over korleis vi bruker og forbruker plast i dag og kartleggje korleis vi kan kutte forbruket vårt og bruke plast på ein betre måte, seier Lars Brede Johansen i Handelens Miljøfond.

Føreslår tiltak

– Med denne rapporten veit vi langt meir om kva tiltak som gir størst miljøeffekt, seier Johansen vidare.

I rapporten blir det presentert ni tiltak som må setjast i verk for ei systemendring i Noregs plastøkonomi fram mot 2040.

– Til saman kan desse handlingane redusere bruken av jomfrueleg plast med 29 prosent, klimagassutslepp frå plast kan reduserast med 25 prosent, plastforureining kan reduserast med 80 prosent, og forbrenning av plast kan reduserast med 60 prosent, seier Yoni Shiran, leiar for plastsatsinga i Systemiq.

Han seier rapporten fremjar konkrete strategiar og handlingar som kan takast i bruk for å forbetre det norske plastsystemet.


Glenn Erik Flåten, nesteleiar i Sogn Unge Høgre, skriv om plast-forureining. Foto: Unsplash/Privat