«I landet eg kjem frå, er det plassar der det er uakseptabelt å elska den du vil»

Paulina Majkowska
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette bidraget fekk heider frå juryen i skrivekonkurransen om menneskerettar og LHBT+, arrangert av Framtida.no, Den norske Helsingforskomité og Magasinett. 

Eg tenker eg er ein heilt vanleg tenåring. Eg bur i eit roleg nabolag ute i djup-Sotra, har ein jobb og går på skule. Og i fjor sommar vart eg forelska.

Sommarfuglar i magen og lukta av sommar gjorde at forelskinga kom med vinden og bles i segla. Om nokon hadde sagt til meg at noko sånt ville skje sjølv om vi er i ein global pandemi, ville eg nok ledd av dei. Sjansen for å møta nokon var så og seia lik null, men det skjedde likevel, og sidan det har eg sett både vår og vennene mine sin kjærleik utvikla seg og bli større for kvar dag som gjekk.

Men så klart og openbert det er at vi kan elska dei vi vil, er det ikkje slik overalt i verda.

Fleire av oss som var single i byrjinga av skuleåret har funne oss nokon, trass i det som skjer i verda. Men så klart og openbert det er at vi kan elska dei vi vil, er det ikkje slik overalt i verda. 

Korleis kunne noko sånt vera sant?

Eg kjem frå Polen. Landet er plassen eg har familie og ein slags sommardestinasjon for meg og foreldra mine. Det er frisørtur og familiebesøk. Eg har ikkje budd der lenge, og det einaste eg kan seia om kulturen er det eg kan oppleva dei to vekene av sommaren eg er der. Men det er ikkje så mykje ein får med seg då. Det er hovudsakleg det som skjer rundt min eigen nase eg får med, og berre det eg vil få med meg.

Så når eg tenker tilbake, har eg mykje positivt å seia om dette landet, hovudsakleg fordi eg vil ha det. Ein dag kom eg over ein artikkel som reiv ned denne førestillinga.

«LHBT+-frie soner i fleire polske provinsar og byar», ved sidan av ein stolt borgarmeister haldande ein rund logo med regnbogeflagget i midten som er kryssa over, og rundt det det stolte slagordet.

Klistremerker med teksta «LHBT-fri sone› og ein kross over regnbogemotivet. Foto: Silar, CC BY-SA 4.0, Wikipedia

Eg tok det som ein dårleg spøk, for korleis kunne noko sånt vera sant? Polakkane er veldig tradisjonelle og konservative, men det som tittelen av artikkelen indikerer er ei overdriving.

Først seinare den dagen, då det same vart sagt og vist på nyheitene, slo det meg at dette er sant.

Eg tok det som ein dårleg spøk, for korleis kunne noko sånt vera sant?

I landet eg kjem frå, er det plassar der det er uakseptabelt å elska den du vil. Men det enda ikkje med små logoar, eller politikarar som signerte eit dokument.

Når du køyrde inn i byane vart du møtt med store gule skilt med det stolte slagordet skrive på polsk, russisk, engelsk og fransk. Slik at alle kunne sjå at byane er fri for den «farlege ideologien» som ville demoralisera barna våre. 

Inga unnskyldning

Det er inga plage vi skal bli kvitt eller ingen ideologi som truar samfunnet vårt. Det er menneske, som alle andre. Dei kan elska dei dei vil og leva slik dei vil. Slik som eg ønsker å gå i gata med kjærasten min og halda hender, ønsker dei det saman med partnarane sine. Slik som vi ønsker å uttrykka oss sjølv med stilen og hårfrisyren vår, ønsker dei òg å gjera det.

Nokon si orientering bør ikkje interessera andre, det bør vera ein eiga interesse. Det bør ikkje vera sett på som ein abnormitet eller noko gale. 

Det er inga unnskyldning at Polen eller dei andre landa der slike ting skjer, er langt vekke frå oss, eller at nordmenn er forskjellige uansett. For ved å ikkje reagera gir det dei ein tryggleik som lèt dei fortsetja. Det viser at på ein måte er dette akseptert av andre, og kan motivera radikale grupper innanfor grensene våre.

Det er ikkje plass til hat i denne verda, spesielt ikkje mot noko vi alle vil finna i liva våre.

Det er ikkje plass til hat i denne verda, spesielt ikkje mot noko vi alle vil finna i liva våre. Ein tekst frå ein elev frå vidaregåande med lite innverknad vil ikkje endra noko, men om han får merksemda av ein annan, kan bodskapen bli spreidd.

Saman er vi sterke og kan gjera ein forskjell. For ein person kan berre starta noko, vi treng fleire for å gjera den forskjellen som trengst å gjerast. 


Les også om ukrainske Nataliia, som vart aktivist då paraden møtte nazistiske ytringar og steinkasting: – I det augeblikket forstod eg at det ikkje er rett å stå på sidelinja når folk vil ta landet vårt attende til fortida.

Foto: Privat