Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 25.02.2022 14:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Barn og ungdom har fått kjent på kroppen at pandemien ikkje berre dreidde seg om ein sjukdom, men at det påverka heile livet: vennar, fritidsaktivitetar, skule, foreldra sin situasjon og alt mogleg, skriv leiar ved Pandemisenteret ved Universtitetet i Bergen (UiB) Esperanza Diaz Perez i ein e-post til Framtida.no.

Pandemisenteret inviterer no alle studentar og skuleelevar i Noreg til å delta på deira første nasjonale studentkonferanse.

Esperanza Diaz Perez er senterleiar ved Pandemisenteret ved Universitetet i Bergen. Foto: UiB

– Dei sit med spørsmål, og svar, som samfunnet treng å lytte til. Difor er det veldig viktig å engasjere dei i forming og formidling av kunnskap som hjelper oss å vere betre førebudde ved neste pandemi.

Må førebu oss på nye pandemiar

For sjølv om koronapandemien sakte dabbar av, er ekspertane sikre på at det kjem nye pandemiar, ifølgje Pandemisenteret.

– Neste gong må samfunnet vere betre førebudd, og det er viktig at vi lærer av alle aspekta av covid-19.

Pandemisenteret ønskjer bidrag frå alt frå vidaregåandelevar, til studentar og doktorgradsstudentar som har små og store oppgåver eller studium relaterte til koronapandemien. Alle fag kan vere med.

Studentkonferansen er i Bergen den 27. oktober 2021, men allereie no kan du sende inn ditt prosjektsamandrag.

Dele og inspirere

Dei som får samandraga sine akseptert, får tilbod om kommunikasjonskurs før presentasjonen på konferansen. Deltakarar som ikkje bur i Bergen får reisa påspandert.

Under studentkonferansen vil det også bli kåra vinnarar som får presentere oppgåva si på ein nordisk kongress organisert av Senter for krisepsykologi seinare i haust. Vinnarane får i tillegg 1500 kroner i premie.

– Dette dreier ser ikkje om å konkurrere på teknisk nivå, men å dele med kvarandre, inspirere kvarandre for notid og for framtida, seier Perez og held fram:

– VGS-elevar kan sjå på inspirerande studentar som er komne litt lenger fram, få stadfesta at det dei gjer er viktig og finne fram til tverrfaglegheit gjennom døme frå mange fag som jobbar saman for å løyse ei kompleks utfordring.


Illustrasjonsfoto: Pixabay, CDC. Kollasj: Framtida.no