Forskarar har lært bier å lukte koronaviruset

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bier har utruleg god luktesans, og kan lukte blomar som er fleire kilometer unna.

Sidan koronaviruset fører til endringar i kroppen, så kan bier òg verte lærde opp til å lukte koronaviruset – og akkurat dét har nokre nederlandske forskarar prøvd!

Det melder det nederlandske Wageningen University & Research i ei pressemelding. Saka er omtalt av fleire internasjonale medium.

Koronasmitta? Ut med tunga!

Dei nederlandske forskarane har trent opp biene ved å gje dei belønning.

Kvar gong biene vart eksponerte for ei prøve som var smitta av koronaviruset, så fekk dei sukkervatn. Om det var ei prøve som ikkje var smitta, så fekk ikkje biene nokon premie.

Forskarane har prøvd ut denne metoden mange gongar på over 150 bier, og biene lærte at kvar gong dei støytte på koronaviruset så måtte dei ut med tunga i påvente av sukkervatn. Etter kvart har biene lært seg å kjenne att koronaviruset på berre nokre sekund.

Kjapp og billeg test

– Det første målet vårt var å demonstrere at vi kunne lære opp biene til å gjere dette, og der har vi no lukkast, seier forskar og prosjektleiar Wim van der Poel til Washington Post.

Van der Poel fortel at ikkje alle laboratorium har tilgang til teknologien som er nødvendig for å påvise koronaviruset, men bier er overalt. Håpet er difor at denne nyvinninga kan vere til hjelp i låginntektsland.

Forskarane trur biene kan kome fram til rett svar i 95 prosent av tilfella, dersom ein brukar fleire bier i kvart luktforsøk, og vil halde fram eksperimenta for å finne ut kor nøyaktig metoden er.

Til Reuters seier den belgiske insektsforskaren Dirk de Graaf frå Universitetet i Gent at idéen er god, men at han helst ville brukt klassiske diagnoseverktøy:

– Eg er ein stor bie-elskar, men eg ville brukt bier til eit anna føremål enn å oppdage Covid-19.


Hjorten er utstyrt med ei erogen sone i panna som dei likar å gnikka på. Foto: Pxhere