«Plast fortener større plass i den politiske debatten»

Glenn Erik Flåten 
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Plast er på mange måtar ein fantastisk ting for samfunnet vårt. Med så mange forskjellige eigenskapar brukar vi den overalt. Det kjem i ny og ne forslag om at vi rett og slett burde kutte ut bruken av plast, og det kan eg forstå, men den er faktisk blitt så viktig for oss at vi hadde nok fått det veldig vanskeleg utan.

Berekraftige og varige løysningar i infrastruktur og heimane våre, emballasje som gir maten vår betre haldbarheit, og polyester, nylon og elastan gjer at kleda våre får spesielt gunstige eigenskapar.

Dette er berre nokre få eksempel, og vi må kunne seie at plast har vore med på å auke levestandarden vår noko enormt. Det ser bra ut for oss, men diverre har det gått hardt utover natur og miljø.

Miljøproblemet

Plast er faktisk den verst tenkjelege tingen for miljøet vårt, og det er vi som ikkje har klart å handtere avfallet vårt.

91 % av all plast produsert sidan 1950 har ikkje blitt resirkulert, og ein god del av dette endar opp i havet.

Fugl, fisk og andre dyr kan hekte seg opp eller ete den, og spesielt utsett er større artar som hai og kval. Plast er altså med på å øydelegge store økosystem i havet, som andre økosystem igjen er avhengig av. På toppen av det kan vi få i oss potensielt farleg såkalla mikroplast gjennom fisken vi et.

91 % av all plast produsert sidan 1950 har ikkje blitt resirkulert

No har òg forskarar i Lofoten funne ut at rydding av flytande plast vil gjere meir skade enn nytte, då livet i havet blir råka i prosessen. Det er eit reelt og vanskeleg problem vi står ovanfor.

For å finne løysingar kan vi begynne med å sjå på korleis den er laga. Nesten all ny plast blir produsert med petroleum, og dette er jamt over billegare enn å resirkulere. Grøne skattar er ein av dei tiltaka Unge Høgre vil sjå på, for om vi kan gjere det meir lønnsamt å resirkulere så kan vi få gjort noko med all den plasten som berre ventar på å ende opp i hava våre.

Løysingar på tvers av landegrenser

Oppi heile den politiske debatten fortener dette ein større plass. For kanskje du tykkjer som meg at klima- og miljøpolitikk er kompliserte greier?

Vi sender delegasjonar til store internasjonale klimatoppmøte, og set ambisiøse mål for korleis vi skal takle klimakrisa. Det er jo i media heile tida, om kor mykje vi skal kutte i utsleppa, og kva teknologi som skal ta oss til karbonfangst.

Slik at det er sagt, så har eg veldig stor tru på teknologien, men før vi er der burde vi bruke meir av tida vår på å fange plast, og helst før den endar opp i hava våre.

Når det gjeld verda sitt plastproblem er det verst der alle andre ting òg er verst: fattigdom, for eksempel. Derfor er det i tillegg til det vi kan gjere i Noreg, heilt avgjerande av vi kan samarbeide med andre land. Eg er sikker på at det er fleire tiltak i lag som blir nøkkelen, men utan løysingar på tvers av landegrenser kjem vi ingen veg.

For som eg nemnde, det er eit reelt problem og det er noko veldig konkret. Ikkje berre er det enklare å peike på kvalar som har ete seg daude på plast, men problemet er òg veldig målbart.

Unge Høgre ynskjer difor å slå eit slag for miljøet vårt med å gjere det meir lønnsamt å resirkulere og fronte meir internasjonalt samarbeid.

Plast er ein fantastisk og miljøvenleg ting om vi tar ansvar for den – og det skal vi.


Har du noko på hjarta? Send til tips(a)framtida.no!

Illustrasjonsfoto: Pixabay.com