Koronapandemien har lagt ein dempar på sexlivet til nordmenn

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det kjem fram i ei Norstat-undersøking om nordmenns sexliv, gjort på oppdrag frå NRK.

22 prosent svarer at dei har hatt mindre sex under pandemien, og nedgangen gjeld både for single og for dei som er i eit forhold.

35 prosent av dei single oppgir at dei har hatt mindre sex, medan talet er 17 prosent blant personar som er i forhold.

Restriksjonane har påverka

Koronarestriksjonar, mindre sexlyst og psykisk påverknad er blant dei mest vanlege årsakene.

Men det finst òg dei som ikkje har merka koronarestriksjonar på sexlivet. 60 prosent oppgir at dei har like mykje sex som før, også under pandemien.

Nokre få heldige, 6 prosent, oppgir at sexlivet har fått eit oppsving trass i restriksjonane.


Informasjonsvideoen er produsert av Hacienda Film, og regissert av Emilie Beck. Skjermdump frå videoen.