Forsking: Mange har sex for å «få det overstått»

På fest, med ein du er forelska i, eller ikkje før ekteskapet? Her er grunnane til at norske ungdommar debuterer seksuelt.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Fleire unge fortel at dei hadde sex for første gong for å «få det overstått», ifølge ny norsk forsking.

Forskarar ved Velferdsforskingsinstituttet NOVA på Oslomet har intervjua nesten 130 elevar mellom 17 og 19 år om seksuell debut.

Debutalderen til dei informantane som hadde debutert, varierte mellom 13 og 17 år. Snittalderen for debut i Noreg er om lag 16,7 år for jenter, og 17,9 år for gutar, ifølge Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). Snittet har vore stabilt i mange tiår.

46 av informantane – over ein tredel – fortel at debuten handla om å «bli ferdig» med det:

I desse tilfella skjer sex gjerne på fest med ein tilfeldig partnar, med alkohol i kroppen. Fleire skildrar sexen som klønete eller pinleg, og nokre av jentene fortel om smerter.

Forskarane Rikke Tokle og Kari Stefansen har også funne fire andre årsaker til at unge har sex for første gong, det dei kallar «debutprosjekt»:

  • Styrke ein intim relasjon
  • Forstå eigen seksualitet
  • Avstå frå sex (til ekteskap)
  • Motivert av lyst

Gruppepress og drikkeleik

Tilbake til å «få det overstått»: Det å ha hatt sex har stor sosial tyding, konkluderer forskarane.

Gruppepress frå vener bidreg til at nokre går inn i situasjonar før dei sjølve kjenner seg klare, fordi «alle andre» har gjort det. Det handlar om korleis ein framstår i venegjengen. Mange grip den første sjansen til å ha sex, sjølv om dei er fulle og ikkje eigentleg likar den andre personen så godt.

Fleire informantar viser til at drikkeleikar som «Eg har aldri» kan tilføre eit ekstra press.

«Gratulerer!»

Ein informant i studien fortel at ho hooka med ein gut på ein fest, og på eit tidspunkt tok han henne med inn på eit rom.

– Sexen var smertefull, men eg visste frå venene mine at det ville gjere veldig vondt, så det var ok. Etterpå var venene mine sånn, «Gratulerer! Korleis kjenst det?». Det kjentest likt for meg, men så tenkte eg, Flott, då er det overstått. Eg har gjort det.

Ein annan informant fortel at han debuterte då han var 16 år, fordi han vart rekna som ein tapar i venegjengen for å vere «jomfru».

– Eg drakk meg full, gjekk heim og ringte ei jente eg kjente. Ho kom over, og eg hadde endeleg sex for første gong, fortel han.

Romantisk ideal

Eit anna «prosjekt» forskarane har identifisert, handlar som nemnd om å styrke ein intim relasjon. Det kan vere med ein kjærast eller nokon dei er forelska i.

Mange av informantane omtalar dette som «idealdebuten». Dei involverte er gjerne edru og i rolege omgivnader.

Fallgruva kan vere at dei involverte har ulike forventingar til kva det skal bety å ha sex. Den eine parten kan håpe på eit forhold, medan den andre berre vil ligge.

Ein informant fortel:

– Eg sa ja, men eg ville ikkje, og eg hugsar at eg tenkte: «Eg må gjere det, for då vil han sikkert like meg òg».

Fleire jenter fortel at dei har vorte skuffa og skamfulle når den andre har brote kontakten etter at dei har hatt sex.

– Eg ville teste det

Også skeive ungdommar har vore med i undersøkinga. Fleire av dei fortel at dei debuterte for å forstå sin eigen seksualitet.

Nokre skeive debuterte med det motsette kjønn, sjølv om dei eigentleg likte personar av same kjønn. Det gjorde dei gjerne for å verte «godkjende» av andre.

Ei fortel:

– Sexen var dårleg, fordi eg visste at eg var lesbisk. Men sjølv om du veit at folk flest ikkje har noko imot det, føler du likevel at det er noko gale med deg, på ein måte. Eg ville finne ut av den usikkerheita: «Er eg verkeleg lesbisk?» Eg ville teste det.

Forskarane påpeiker at dei heterofile forventingane i samfunnet framleis er med på å marginalisere ikkje-heterofile opplevingar.

Spesielt mellom mann og kone

Nokre av ungdommane forskarane har snakka med, vel å vente med sex, ideelt sett til dei vert gifte.

Informantar med muslimsk og kristen bakgrunn fortel om eit ønske om å vente, for å vere ein god kristen eller ein god muslim. Nokre viser til at sex er spesielt, og berre er meint for å nytast innanfor rammene av eit ekteskap.

Nokre av jentene med minoritetsbakgrunn fortalde dessutan om risikoen for sosial devaluering dersom det vart kjent at dei hadde sex før ekteskapet.

– Vi føler at sex er noko du kan nyte når du er gift, for då er det spesielt. Medan det er hovudgrunnen til å ikkje ha sex, ville også rykta ha spelt ei stor rolle, fortel ei.

Det andre hovudet

Den siste kategorien, eller «debutprosjektet», er trigga av lyst. Her fortel informantane at det var rein fysisk nyting som var motivasjonen for at dei hadde sex for første gong. Alle desse informantane er gutar. Ein av dei fortel om debuten hans då han var 16:

– Ein ting førte til det andre … Det kjentest rett, og sexen var overraskande deilig. Eg såg ikkje etter eit forhold. Det var reint fysisk.

Ein annan fortel:

– Eg var nysgjerrig, og dei andre såg på ein film, så eg tok henne med inn på rommet mitt. Det var nervepirrande, men eg fekk det gjort. Eg gjorde det for spenninga. Eg ville føle korleis det var.

«Ja» betyr ikkje alltid «bra»

Forskarane konkluderer med at samtykke ikkje alltid betyr at alt kjennest greitt ut etterpå. Det kan vere ulike motivasjonar for å seie ja til å ha sex, som ikkje berre handlar om lyst eller nysgjerrigheit. Forskarane peiker på at seksuell debut også handlar om å finne plassen sin sosialt, forstå kven ein er og leve opp til forventingar.

Når ungdommane har ulike mål og forventingar til seksuelle situasjonar, når ein har hastverk eller kjenner på forventingar frå vener og jamaldrande, kan det føre til ubehagelege eller urettvise erfaringar, sjølv om det ikkje nødvendigvis kan kallast overgrep, konkluderer forskarane.

– Unge folk treng verktøy til å reflektere kritisk på motivasjonen som driv dei seksuelle vala deira, særleg når dei er forma av instrumentelle eller kortsiktige mål som kan føre til uetiske interaksjonar, skriv dei i rapporten.

– Medan unge folk bør vere frie til å oppsøke ulike seksuelle debutprosjekt, må dei også vere i stand til å reflektere over korleis desse prosjekta kan påverke andre og dei sjølve, skriv dei.