Dagbladet sluttar med daglege teikneseriestriper: – Eit tilbakesteg

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er absolutt eit tilbakesteg for Dagbladet som kulturavis, men så har dei òg sagt opp fleire kulturjournalistar, så den statusen er i ferd med å falle, seier teikneserieskapar Jens K. Styve.

Sidan han vann Dagbladets teikneseriekonkurranse i 2016 har teikneserieskaparen og forfattaren levert Dunce-striper til avisa, i det siste dagleg.

Det var difor med stor sorg han fekk beskjed om at Dagbladet frå og med 1. oktober skal slutta med dei daglege teikneseriane og gå over til vekentlege.

– Dagbladet har skapt eit levebrød for meg og andre serieskaparar, så no må eg anten slutta med det eller finne andre måtar å tene pengar på, seier Styve på telefon til  Framtida.no.

L-Innsikt: «Dagbladets kulturelle sjølvmord»

Styve delte nyheita på Facebook, noko som inspirerte teikneserieskapar Linn Isabel Eielsen til å skriva om «Dagbladets kulturelle sjølvmord».

Eielsen er skaparen bak stripa L-Innsikt, som vert publisert hjå Framtida.no. Ho fryktar for framtida til den norske teikeserien når Dagbladet kuttar.

«Eg prøver å forstå kva Dagbladet tenkjer, men eg blir ikkje klok. Dei prioriterer jo ikkje kultur vekk for å skrive om noko viktig,» skriv Eielsen, som viser til skjermdumpar av kjendisstoff og slankesaker.

Les også: Dagbladet er klaga inn til PFU og foreslått til ny Gullbarbie

I si faste spalte på Framtida.no skriv og teiknar Linn Isabel Eielsen, kjent som L-innsikt, om framtida til norske teikneseriar. Illustrasjon: L-innsikt.

Økonomiske omsyn

Kulturredaktør i Dagbladet Sigrid Hvidsten seier til teikneserienettstaden Empirix at avgjerda skuldast økonomiske årsaker.

– Dagbladet bruker veldig mange pengar på teikneseriar. Det er veldig papiravis-spesifikt, og samstundes som papiravisa er i sitt livs høst, ser me at teikneseriane ikkje blir så godt lese på nett som vi kunne ønskje, seier ho til nettstaden.

Kulturredaktøren lovar likevel at dei ikkje vil leggje satsinga heilt på hylla. Ho ser på laurdagsseksjonen som ein plass å eksperimentera og meiner det kan vere ein idé å arrangera ein teikneseriekonkurranse tilpassa nett.

– I ei verd som stort sett dominerast av nettaviser, må ein tenkje litt på korleis ein skal gje ut teikneseriane sine digitalt. Nokon er kjempegode på dette, men generelt har det norske teikneseriemiljøet en del å gå på her, seier Hvidsten.

Illustrasjon: Jens K. Styve

Prøver digital finansiering

Styve meiner Dagbladet har vore ein viktig plattform for norske teikneseriestriper, som har gjort stor suksess. Han løftar fram alt frå Pondus og Nemi, til M og Lunch.

I mars i år gjekk stripene Pondus og Lunch over frå Dagbladet til VG, men vart erstatta av Kenneth Larsen sin Bestis og den argentinske serien Macanudo.

Teikneserieagent og forleggjar Håkon Strand seier til Empirix at Dagbladet har betydd utruleg mykje for norske teikneseriar. Han får støtte av Pondus-skapar Frode Øverli.

– Då serien etter kvart fekk fast plass i avisa og hyggeleg betalt, betydde det at eg fullt og heilt kunne leve av å teikne Pondus. At det no er slutt er berre trist. Både for norske serieteiknarar og Dagbladet sjølv, seier Øverli til teikneserienettstaden

Også Styve fryktar at teikneseriemiljøet no mistar eit drivhus for nye, norske seriar.

Han fortel at inntekta frå Dagbladet har vore veldig viktig, samanlikna med mindre aviser som betalar betydeleg mindre for republisering.

– No vert det å drøyme om å kome inn i VG eller Aftenposten, som er av dei få andre avisene som betalar anstendig. Eg prøver òg digitalt å få det finansiert via Patreon. Å få lesaren til å støtte er den einaste utvegen eg ser, forklarar Styve til Framtida.no.