Dagbladets kulturelle sjølvmord


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Illustrasjon og tekst av Linn Isabel Eielsen. Striper laga av andre serieskaparar er gjengjevne med løyve.

Ein tidleg septembermorgon stod eg på buss-stoppet og scrolla på Facebook. Eg såg dei vanlege tinga – kattar, politikk – men så såg eg noko nytt.

Ein teikneserieskapar eg følgjer delte at Dagbladet skal slutte med dei daglege teikneseriesidene frå og med 1. oktober.

Eg må heilt ærleg seie at eg ikkje skjønte kva som skjedde. Nei, stryk det. Eg skjønar ikkje kva som skjer. Dagbladet er ei av dei viktigaste avisene for teikneseriar, og har vore det i årevis. Dei har til og med hatt teikneseriekonkurransar for å finne nye skaparar!

Det er ikkje berre aviser som har vore viktige for teikneserien. Teikneserien har vore viktig for avisene sidan den «fyrste» teikneserien, Yellow kid, i 1897. Det er mykje eg vil sjå sosialt døy her i verda, som rasisme, fascisme og Per Sandberg, men eg kan ikkje sitje stille og sjå teikneserien miste plassen sin.

Tidlegare i år mista avisteikningane plassen sin i The New York Times.

Teikneserien har vore viktig for avisene sidan den «fyrste» teikneserien

Noreg har ikkje så mykje kultur. Vi har faktisk så lite at vi stort sett stel andre sin. Vi et for eksempel mest taco i verda etter Mexico. Og så har vi dei krise haustfestane, og politikarar som kler seg ut som indianarar. Det typisk norske i kultur er Knut og Kurt, Hamsun med Sult og Nilsen sin jule-CD. Vi pratar meir om Edvard Munch enn om Jesus, for det er stort sett det vi har å by på innan kunst i verdshistoria.

Kvifor bestemmer Dagbladet seg då for å slutte med noko som er så viktig for Noreg?

Vi nordmenn har ikkje så mykje vi er flinke til. Vi er drit i fotball, vi er drit i kollektivtrafikk, vi er drit i eldreomsorg. Vi sug i alt anna enn ski, sjakk, handball og teikneseriar. For Noreg har bra teikneseriar, som vekker oppsikt båe nasjonalt og internasjonalt.

Norske teikneseriar er i ei renessanse. Tidlegare har vi hatt Nemi og Pondus som har tatt over verda med humor og originalitet – men no har vi ein haug med nye serieskaparar. Blant andre Tegnehanne, Bestie the comic, Jenny Jordahl, Dunce, Lunch, Intet nytt fra hjemmefronten, og eg kan også nemne min eigen teikneserie L-innsikt.

Teikneseriane som blir laga no er viktige. Dei er ikkje berre humor, men samfunnskommentarar.

Berre sjå på Intet nytt frå hjemmefronten, som fram til no har vore i Dagbladet: 

Therese Eide er skaparen bak teikneserien Intet nytt fra hjemmefronten. Illustrasjon: Therese Eide

 

Dei er tidskapslar for kva som er morosamt, kva som er viktig for oss, og kva som engasjerer oss no i 2019.

Kenneth Larsen, som teiknar Bestis, lagar mykje. Her er eit utdrag frå historia om korleis hovudkarakteren i serien kjem ut av skapet. 

 

Sidan 1. mars i år har Kenneth Larsen sin teikneserie «Bestis» vore fast inventar hjå Dagbladet. Illustrasjon: Kenneth Larsen.

 

Dei er viktige for det vi kjem til å kalle «det tidlege 20-talet» om eit par tiår.

Og teikneseriar er nesten avhengige av avisene for å økonomisk overleve. Å begynne å kaste teikneseriane ut av avisene, gjer dei heimlause.

 

Jens K. Styve, skaparen av teikneserien «Dunce» vann Dagbladet sin teikneseriekonkurranse i 2016. Illustrasjon: Jens K. Styve

 

Eg prøver å forstå kva Dagbladet tenkjer, men eg blir ikkje klok. Dei prioriterer jo ikkje kultur vekk for å skrive om noko viktig. Her er nokre skjermdumpar frå i går.

 

Skjermdumpar frå Dagbladet.no. 10. september 2019.

 

Tek dei bort sunn underhaldning, kor kunstnarar jobbar og skapar noko…Til fordel for det her?

Tek vi bort kunst, samfunnskommentarar, ting som betyr noko…

Skjermdump frå Dagbladet.no. 10. september 2019.

 

For ein halvskalla mann som fortel meg korleis eg kan gå raskt ned 10 kilo?

Eg seier det no, om eg går ned 10 kilo så finst eg ikkje meir. Og om eg blir yngre no, då finst eg ikkje lenger.

 

 

Ver så snill ikkje gjer dette.

Dagbladet er så enormt viktig båe for økonomien til teikneserieskaparane og for å ivareta avisteikneserien. Og teikneserien er òg viktig for Dagbladet. Utan den mistar dei lyset, den sida som treffer alle uansett kva for ein alder dei har.

Ei avis utan teikneseriesida er berre eit stifta teksthefte, eller ei nettside med halvrotete layout.

Og ei verd utan kunst er berre… Ingenting.

Har du noko på hjarta? Skriv til oss på tips @ framtida.no