Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 12.11.2018 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For unge norske muslimar er trua personleg og ikkje så strengt regelbunden, melder Forskning.no.

Resultatet frå prosjektet «Radikalisering og motstand» vert også publisert i bokform.

Resultatet frå prosjektet
«Radikalisering og motstand» vert også publisert i bokform. Her får den moderate majoriteten av muslimar komme til orde.

– Dei fleste seier at religion er noko privat. Dei snakkar ikkje så mykje om religion, og dei tolker den på sin eigen måte. Dei er opptekne av å understreke at tolkingane berre er noko dei meiner, seier Idil Abdi Mohamed.

Ho har vore forskningsassistent på prosjektet Radikalisering og motstand. I prosjektet har forskarar frå Universitetet i Oslo intervjua 90 unge muslimar, i alderen 18-32 år, om trua si og førebygging av radikalisering.

Intervjuobjekta er bevisst plukka ut slik at dei kjem frå heile landet, og har bakgrunn frå ulike religiøse retningar innanfor islam og ulike delar av verda.

Men det er 90 heilt vanlege norske, unge muslimar – som alle skal tilpasse islam til kvardagslivet.

Les også: – Det finst 5 millionar ulike måtar å vera norsk på

Fleksibilitet i trua

Intervjua viser at unge, norske muslimar definerer seg sjølve som muslim ut frå indre kriterium, ikkje ut frå kor vidt dei går i moské. Fleire har såleis også eit meir avslappa forhold til ritual og reglar – om dei ikkje rekk å be fem gongar om dagen er dei likevel muslim. Slike ting skal jo også kombinerast med jobb eller skule.

Vidare syner intervjua ein viss variasjon og individuell prioritering. Dei fleste seier dei held seg unna alkohol og svinekjøt, men nokre drikk trass i forbodet. Nokre kvinner meiner dei bør dekke håret, andre ikkje.

Denne fleksibiliteten gjeld derimot ikkje alt – på nokre område er også unge norske muslimar konservative og har strenge reglar. Homofili og sex utanfor ekteskapet er blant desse.

Unge muslimar uttrykker likevel klart at det ikkje er deira oppgåve å dømme andre eller korleis dei vel å leve liva sine. Då forskarane stilte spørsmål om kor vidt slik åtferd skal føre til straff i samsvar med ei streng tolking av Koranen, så reagerte fleire med ubehag. Unge, moderate muslimar er ikkje van til å måtte halde seg til omgrep som jihad og sharia, endå offentlegheita er oppteken av det.

Les også: Sumaya (19): Difor brukar eg hijab

Opne for fleire tolkingar

Vidare er dei fleste norske muslimane i studien opne for å tolke islam på mange måtar. Dei er ofte også usikre på kva dei sjølve meiner. Men dei spør like gjerne mor si som imamen, om dei er i tvil på korleis dei skal forstå dei heilage tekstane.

– Om dei kan gjere seg opp ei eiga meining i staden for å stole blindt på ein autoritet, er dei kanskje ikkje like sårbare i møte med ekstremistar som freistar å rekrutterer dei, seier Mohamed til Forskning.no.

Unge muslimar høyrer bodskap frå ulike moskear, er kritiske til det dei les på nett, og dei sjekkar informasjonen med fleire kjelder.

Les også: – Tabu å velje annleis

Tek avstand frå ekstremisme

Professor Sveinung Sandberg vart overrasa voer kor fleksible dei unge var i religionsutøvinga si. Foto: UiO

Professor Sveinung Sandberg vart overrasa voer kor fleksible dei unge var i religionsutøvinga si. Foto: UiO

Sveinung Sandberg er professor i kriminologi og rettssosiologi ved UiO og leiar av forskningsprosjeketet. Han trur den religiøse openheita og at ungdomen ikkje er skråsikre i sine religiøse tolkingar både kan vere ei styrke og ei svakheit i møte med ekstremistisk tankegods.

– Ekstremistar er heilt sikre i si sak. Dei seier at dei har sanninga. Idet du tenker «kanskje», blæs du ikke av en bombe, sier han til Forskning.no.

Baksida er at utan nokon religiøs autoritet og rettelinje, dersom «alt er lov» i tolkinga av islam, så kan det opne for at einkvar kan ha si eiga forståing av dei heilage tekstane – uansett kor forvrengt. Sandberg trur ein mangel på retning i livet og i religionen kan få enkelte til å søkje seg til miljø som gjev dei klare haldepunkt.

Fleire av dei som deltok i studien hadde ein venn eller kjenning som hadde vore nysgjerrig på ekstreme miljø, men dei moderate norske muslimane tek veldig avstand frå dette. I diskusjonar både latterleggjer og sjukeleggjer dei radikaliserte, og heller ikkje privat vil dei ha noko med ekstremistar å gjere.

Vidare er det ei tru på at den religionsoppfatninga mange unge norske muslimar har, den forståinga av at det er mange måtar å vere muslim på, også kan spreie seg og påverke dei som er tiltrekt meir ekstreme miljø.

Les også: Islam + feminisme = sant?