«Ja til folkehøgskular og draglinje»

Eline Kunzendorf
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eit år på folkehøgskule handlar ikkje først og fremst om å gjere ting som er gøy. Eit år på folkehøgskule handlar om å ha tid til vekst og modning. 

Nyheita om at Arbeiderbevegelsens folkehøyskole Ringsaker skal starte ei draglinje har igjen sparka i gang debatten om kva grad folkehøgskular bør få statsstøtte. Unge Høgre er blant dei som argumenterer for at draglinja viser oss at skattebetalarane ikkje burde betale for elevar på folkehøgskule. Det er eit rart argument.

Eg heiar på draglinja på same måte som eg synest det er bra med surfelinje, redesign og global misjon. Draglinja er kanskje ikkje ei linje for det store fleirtalet blant oss, men det betyr ikkje at det ikkje kan vere viktig. For dei den linja er aktuell for vil det kunne bli eit enormt viktig år. 

Noko anna, ikkje dårlegare

Kva for kriterium skal liggje til grunn for at noko skal kunne gi innhald til ei folkehøgskulelinje? Det kan vi gjerne snakke om.

Eg meiner at linja skal tilby fagleg fordjuping i eit tema og at det skal vere ei breidde i aktuelle tema. Du skal kunne lære noko du ikkje lærer andre stadar og det bør vere rom for utfordringar og utforsking. Det blir eit annleis år som tilbyr noko anna enn det eit år på universitet og høgskule seinare vil kunne gi deg. Det er noko anna, men ikkje dårlegare.

Eg trur folkehøgskulen har bestått fordi han har evna å fange opp eit behov i tida.

Det norske skulesystemet skal gi danning. Folkehøgskulane er ein viktig bidragsytar i danningsoppdraget. Den einskilde sin valfridom og skulane sin pedagogiske fridom bør vege tungt. Men desse prinsippa står ikkje aleine. Folkehøgskulane byggjer på ein djupare ideologi.

Då den danske presten Grundtvig starta folkehøgskulerørsla var det for at flest mogleg skulle få ei grunnutdanning som rusta dei for livet. Det skulle vere danning for heile mennesket, og då var salmesong, sosialt fellesskap og sykurs like viktig. Mykje har endra seg sidan den gongen. Men eg trur folkehøgskulen har bestått fordi han har evna å fange opp eit behov i tida. 

Kan skape eit skilje

I ei tid der mange unge opplever stress og prestasjonspress skal vi ikkje kimse av moglegheita til å stoppe opp. Moglegheita til å få ein litt mjuk overgang til vaksenlivet i trygge rammer med trygge vaksne som har tid og erfaring til å sjå den einskilde elev. Alt som har verdi kan ikkje vegast og målast i eit Excel-skjema. 

Alt som har verdi kan ikkje vegast og målast i eit Excel-skjema.

Nettopp fordi eit år på folkehøgskule gir eit verdifullt bidrag i mange sine liv, er det viktig at det ikkje blir ein eliteskule. Eit år på folkehøgskule er allereie dyrt for mange og ikkje noko alle har råd til. Om dei allereie eksisterande subsidiane vil falle bort, vil det i realiteten føre til at berre dei med over 100 000 til overs har moglegheit til å velje det.

Danning og modning er ikke noko som berre skal vere tilgjengeleg for dei rikaste av oss. Difor, ja til folkehøgskule! 


Har du noko på hjarta? Skriv inn til: tips @ framtida.no!

Susanne Pedersen Thon (19), elev på Follo folkehøgskole. Foto: Privat