Solberg: Gjenopninga av Noreg er i rute

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Førebels går det veldig bra, seier Solberg til Aftenposten.

Kvart trinn varer i tre veker, om alt går etter planen. Dermed ligg vi godt an til å starte på trinn tre som planlagt 17. eller 18. juni.

neste trinn vil mellom anna den nasjonale skjenkestoppen ved midnatt bli oppheva og det vil bli tillate med 20 gjester i private heimar. I tillegg kan inntil 1.000 personar samlast på arrangement innandørs.

Dette styrer gjenopninga

Det er tre faktorar som styrer tempoet i gjenopninga: talet på smitta, kapasitet i helsetenesta, og talet på vaksinerte.

No har nærare 1,8 millionar nordmenn fått første vaksinedose. 1,2 millionar av dei er fullvaksinerte. I tillegg er 65 koronapasientar innlagde på norske sjukehus, og smitten går ned i så godt som alle fylke.


Både Ameli og Pia fortel at dei synest skriving er noko som er veldig gøy: – Det er veldig frigjerande. Skriving er blitt min måte å uttrykka meg sjølv på, seier Ameli.