Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior! Der kan du òg lese om at Miami Zoo har oppdaga ein heilt ny edderkopp, eller om kvithaien som er på ein uvanleg tur!
– At eg har skrive noko som andre også kan kjenna seg att i, er veldig kjekt, seier Ameli.
I fjor fekk ho eit tips om ein skrivekonkurranse, der ein kunne senda inn ein personleg tekst om korona-pandemien.

Det same gjorde Pia. Ho fortel at ho ikkje trudde at hennar tekst ville bli plukka ut.
– Eg har ikkje så mykje flaks til vanleg, så eg hadde ikkje forventa det, seier ho og ler litt.

Frå smittevern til Netflix
I boka «Virusvår» skriv Pia, Ameli og andre ungdommar om opplevingar, tankar og inntrykk frå den spesielle våren då Noreg stengde ned.
Tekstane formidlar tankar om einsemd, skule, smittevern, sakn og Netflix – på ein måte som alle kan kjenna seg att i.
– Eg hugsar at eg tenkte at eg syntest det var rart at alle tok det så bra. I starten følte eg meg veldig innestengd, liten og hjelpeslaus. Men då me kom til mai, fekk me ein rytme i kvardagen, seier Ameli og tenkjer tilbake på starten av pandemien.
Pia er enig med Ameli, og fortel om ein rar kvardag for eit år sidan.
- Då Noreg stengde hadde Ingvild (18) akkurat starta på ny skule: – Sårt å skulle verte kjend over Teams
Har funne nye måtar å takla pandemien på
– Me visste ikkje kor lenge me kunne bli på heimeskulen. Det kunne gå fleire dagar utan eg gjekk ut av huset. Eg såg veldig mykje på Netflix.

Sjølv om me framleis må halda oss til pandemien, meiner jentene at me no slappar litt meir av.
– 12. mars i fjor tenkte eg berre «Hæ?». I fjor var det sjokkfaktor, no trur eg at dei fleste føler at det er betre, seier Ameli.
– Då me fekk den endelege beskjeden om at skulane stengde for eit år sidan, var det ingen som trudde på det. Me følte at me var med i ein katastrofefilm. No er det meir normalt, seier Pia.
- Les også intervjuet med María Jacinta (17) frå Guatemala og norske Hannah (18) om koronakvardagen og framtida: – Mange har mista jobben og trua på framtida, dei har økonomiske problem, transport er vanskeleg og kriminaliteten har auka.
