Testkonsertar får grønt lys frå regjeringa

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Forsking på effekten av hurtigtestar kan ha konsekvensar for takten i gjenopninga av kulturlivet, og er i tråd med forslaga eg har fått frå sommargruppa eg sette ned. Prosjektet kan gi ny kunnskap som kan ha nytteverdi nasjonalt og internasjonalt, seier kulturminister Abid Raja (V) i ei pressemelding fredag.

Kulturminister Abid Raja (V) gir tommel opp for å gjennomføre testkonsertar i sommar. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK

Arrangementa vil vere i regi av Folkehelseinstituttet (FHI) og vil vere ei samanslutning av store festivalar, mellom dei Øyafestivalen, Bergen Live og Palmesus.

Regional komité for medisinsk forskingsetikk (REK) har gitt den nødvendige godkjenninga til å gjennomføre testkonsertane, som etter planen skal gjennomførast i Oslo og Bergen allereie i juni.

Kan hurtigtesting erstatte avstandskrav?

Målet med testkonsertane er å finne ut om hurtigtesting av publikum kan redusere risikoen for smittespreiing. Prosjektet vil avklare om smittespreiinga blir redusert så mykje at hurtigtesting kan erstatte avstandskravet under større arrangement.

Det blir planlagt fem testarrangement i Oslo og Bergen med til saman 15.000 deltakarar. Ytterlegare 15.000 vil òg delta i prosjektet, men desse vil ikkje gå på konsert.

Begge gruppene blir testa før og etter ein konsert har funne stad, noko som gjer at ein kan samanlikne kor mange som vart smitta i dei to gruppene – og dermed få eit svar på om konserten gav auka risiko for smitte.

– Rift om plassane

Deltakarane i forskingsprosjektet vil vere i aldersgruppa 18 til 45 år.

Atle Fretheim er professor og fagdirektør hjå Folkehelseinstituttet. Foto: FHI

Det einaste kriteriet for å delta er at ein ikkje er vaksinert og at ein ikkje er i ei av risikogruppene, ifølgje fagdirektør Atle Fretheim i FHI, som har ansvar for forskingsprosjektet. Han reknar med at det blir rift om plassane.

– Vi ser for oss at ein skal kunne gå inn på ei nettside og melde seg på. Då må ein skrive under på at ein skjønnar risikoen og forstår at ein inngår i ei loddtrekking der berre halvparten blir trekt ut. Så vil ein måtte betale ei billettavgift av eit slag, sa han til NTB tidlegare denne veka.

Regjeringa har lagt ned krav om at det berre skal serverast alkohol ved bordservering, og dei vil gi unntak frå smittevernreglane for å kunne gjennomføre dei store testarrangementa

– Det blir føresett at kommunane Oslo og Bergen gir løyve til at arrangementa kan gjennomførast, understrekar helseminister Bent Høie (H).


Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen