FHI meiner utanlandsstudentar bør bli prioritert i vaksineringa
Utanlandsstudentar bør få andre dose av vaksinen før dei reiser, skriv Folkehelseinstiuttet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I eit informasjonsbrev til kommunane for vaksinasjonen i sommar framhevar Folkehelseinstituttet (FHI) at utanlandsstudentar bør få andre dose av vaksinen før dei reiser.
– Norske studentar som studerer, skal studere eller skal på utveksling i utlandet bør få tilbod om begge dosane før dei reiser frå Noreg, skriv FHI i informasjonsbrevet.
ANSA jublar
Studentorganisasjonen ANSA har etterlyst at desse bør prioriterast. Sjølv om det ikkje blir gitt nokon garantiar, er president Morgan Alangeh i ANSA stornøgd.
– Denne beskjeden vil gi tryggleik for studentane som fram til no ikkje har visst om dei ville rekke både vaksinasjon og studiestart, så vi håpar at kommunane følgjer oppmodinga, seier Alangeh.
– Norske studentar i utlandet har studiestart på ulike tidspunkt, nokre så tidleg som juli. Så det er viktig at dei som skal reise tidleg til utlandet ikkje må velje mellom studiestart og fullvaksinering, seier han.
Stavanger har starta
Ifølgje ANSA har Stavanger kommune allereie bede studentar som skal studere i utlandet neste semester om å melde seg.
– Vi ønskjer å gi skryt til Stavanger kommune for å vere tidleg ute, og gi god informasjon. No håpar vi i ANSA at alle andre kommunar i Noreg vil følgje døma deira. Også ber vi dei utanlandsstudentane i aktuelle kommunar ta kontakt med kommunen sin for vaksinasjon, seier Alangeh.