Då korona sette basketlandslaget på pause byrja Max og Torkel som TikTok-badevaktar

Kristiane Nerdrum Bøgwald
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Halla, Max og Torkel med Redningsselskapet tilbake igjen! Om du skal ut med båten i solskinnet er det 5 ting du bør hugse på!

Slik byrjar Max Dahl Svendsen (19) og Torkel Westby (20) ein av sine populære TikTok- videoar.

I fjor starta dei i jobben som går ut på å ta over TikTok-kontoen til Redningsselskapet (RS) og lage videoar om badevett og vassglede. I år er dei tilbake igjen.

Max Svendsen (t.v.) og Torkel Westby spreier vassglede og badevett på Tiktok. Foto: Privat bilde

Filma seg gjennom nålauget utan erfaring

Å redde liv på sjøen og å forebyggje drukningsulykker er kjernen i det Redningsselskapet driv med. Kvart år får om lag 30 000 barn og unge opplæring i bade- og sjøvett av organisasjonen, som allereie i 1893 hadde sine første redningsskøyter ute på havet.

Men å spreie informasjon til barn og unge ved hjelp av ei gamal vise og ein streng peikefingar fungerer ikkje så godt i 2021.

For å nå ut til barn og unge, måtte Redningsselskapet finne folk som snakka språket og som sjølv høyrte til den unge målgruppa. Der kom Max og Torkel inn.

– Eg og Torkel har kjent kvarandre sidan barneskulen då vi begge spelte basketball, seier Max Svendsen på telefonen til Framtida.no.

Max Svendsen fortel at han og Torkel har vore venar sidan barndommen. Foto: privat

Han fortel at dei i 2020 hadde nådd langt med idretten, men då korona kom blei landslagsaktiviteten avlyst.

– Så då måtte vi ha noko anna å drive med. Då fann vi jobbannonsen til Redningsselskapet, og tenkte at det hadde vore litt artig å prøve, seier Svendsen.

Westby og Svendsen hadde nesten inga erfaring med TikTok då dei laga videosøknaden. Av om lag 300 søkarar frå heile landet blei dei to plukka ut.

Prosjektleiar: – Dei veit kva som treffer

Ludwig Gjendemsjø (23) som er prosjektleiar for TikTok-prosjektet og digital marknadsførar for Redningsselskapet er ikkje i tvil om kvifor Max og Torkel fekk jobben og kvifor videoane deira har vekt så mykje interesse hos barn og unge.

– Dei veit kva som treffer og fansen likar dei godt. Eg trur også ungdom er interessert i å sjå meir om vassglede og lære om grunnleggjande trygging på sjøen.

– App-app-app-app! Har du sjekka redningsvesten, eller? seier Torkel Westby medan han held Svendsen igjen i ein av TikTok-videoane.

Med glimt i auget viser dei to karane korleis ein redningsvest skal sitje, og minner om noko av det viktigaste: Du må ikkje gløyme tissestroppen.

@redningsselskapetTagg noen du vil kjøre båt med i sommer! Besøk sjekkvesten.no for mer info ??? ##vannglede ##sjekkvesten2021♬ good 4 u – Olivia Rodrigo

Tidenes båtsommar og dårlege symjarar

Gjendemsjø fortel at RS allereie i fjor såg at det var nødvendig med fleire tiltak for å  førebyggje drukningsulukker.

– Vi såg at det ville vere ekstremt mange som ferierte i Noreg under koronakrisa. At 2020 ville bli tidenes båtsommar og at mange menneske ville vere ute på sjøen over heile landet.

VASSGLEDE I FOKUS: Prosjektleiar Ludwig Oliver Gjendemsjø (23) seier at han ikkje vil legge for mykje føringar for dei filmane Max og Torkel lagar for RS. – Det er viktig at dei får frie tyglar og at vassglede er i fokus. Foto: Privat

Han seier at Noreg er blant dei landa i Norden der symjedugleiken til barn er dårlegast. Samanlikninga mellom dei nordiske landa er basert på undersøkingar gjort av ulike aktørar i dei ulike landa.

Totalt drukna 88 personar i Noreg i fjor, ifølgje Redningsselskapets drukningsstatistikk.

Sju av totalt 12 drukningsulykker var baderelaterte og skjedde under varmebølgja i siste halvdel av juni. Sju av dei omkomne var barn og unge i alderen 7 til 25 år.

Berre 41 prosent av 10-åringar kan symje 200 meter, medan 28 prosent er usikre på om dei klarar det. Det syner ei ny undersøking gjennomført av Ipsos, på oppdrag frå Noregs Svømmeforbund og Redningsselskapet.

Det er det dårlegaste resultatet sidan 2003, ifølgje NRK.

Fekk takk frå gymnaslæraren

For Max Svendsen er det å spreie informasjon om korleis ein kan vere trygg i vatnet og samstundes vise korleis ein kan ha det artig ein viktig motivasjon for det kreative arbeidet.

Han seier at dei hentar inspirasjon frå ulike plassar.

– Først idemyldrar vi litt. Vi brukar også mykje tid på å sjå andre sine TikTok-videoar. Det handlar om å få til ein artig vri på det vi lagar!

– Og sist men ikkje minst; ta på deg redningsvesten og nyt den kjensla! Seier Max Svendsen (t.v.) og Torkel Westby i ein av videoane sine på Tiktok for RS. foto: Privat bilde,

Både prosjektleiar Gjendemsjø og Max Svendsen fortel at responsen frå følgjarane har vore overveldande.

– Det er mange som fortel at dei er glade for den jobben vi gjer, seier Svendsen og nemner ein lærar som kom bort til han i frikvarteret og takka han for videoane.

Gjendemsjø frå Redningsselskapet opplysar om at ein av videoane hadde blitt vist 600 000 gongar rett etter ein kampanje.

– Eg hadde aldri forventa den responsen, og at humoren ville slå an så godt på landsbasis, seier Svendsen.

No er han snart ferdig med siste år på videregåande i Bærum og planlegg å søke seg til det same universitetet som det badevett-makker Torkel Westby no går på, NTNU i Trondheim. Planen er å ta eit studium i administrative fag.

– Men eigentleg … så har eg nok ein plan om å jobbe med TV i framtida, seier han etter ein liten tenkepause.

@redningsselskapetTagg noen som bør gjøre seg klar for tidenes båtsommer!☀️? #vannglede #båt #sommersavn♬ Whoopty – CJ

Ein av dei mange lesekrokane til Annette: Foto: Peder Skjelten