Etter varmesommaren 2018 var Annette overtydd. Hausten etter flytta ho inn i båt

Peder Skjelten
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er seint på natt, men Annette får ikkje sove for det bles ute.

Senga hennar gyngar, rommet hennar gyngar, faktisk gyngar alt ho eig.

Det er ikkje ein kollektiv promille.

Annette bur i båt.

Båten Ponta er på 44 fot, og kosta 580 000 kroner.

Fleire glas prosecco og ein plan

– Det har gått 18 månadar no, og eg skal ikkje tilbake til å bu i leiligheit eller hus. Eg kjem til å bu i båt i åra framover, om eg får barn òg. Eg er i grunn meir usikker på om eg vil ha barn enn om eg vil bu i båt.

Grunnen til at Annette Lillejord (32) bur i båt er varmesommaren 2018. Ei venninne hadde budd i båt tidlegare, i London, og i august 2018 sat dei to og koste seg med varmen. Venninna fortalte røvarhistorier frå alt ho hadde opplevd som båtbuar i Themsen. Etter litt prosecco bar det på internett for å vise Annette ein båt ho hadde sett seg ut. Det var nok til å overbevise Annette, som syntest båten var nydeleg.

Til dagleg jobbar Annette som bibliotekar på Arkitekt- og designhøgskulen i Oslo.

Overalt langs golvet og i hyller er det bøker. Venninna som ho delar båten med, jobbar òg på bibliotek. TV har dei ikkje.

– Det tøffaste med å flytte inn var å kvitte meg med 80% av bøkene mine. Ein kan ikkje ha for mykje når ein bur så trangt.

Vinylspelar og vinylplater følger liksom med når ein bur i båt.

Første vekene var hardast

Etter å ha kasta eller gitt bort halvparten av kleda sine flytta Annette inn i båten, venninna var bortreist dei første vekene så ho var der åleine.

– Det var skummelt. Høyrte eg ein lyd tenkte eg med ein gong at båten skulle søkke, så bles og gynga det ein del. Den første natta gjekk gassalarmen, og eg skjønte ikkje kva det kunne vere. Heldigvis fekk eg hjelp av nokre venlege naboar.

Annette var korkje handy eller uhandy då ho flytta inn, men i løpet av dei første 18 månadane på båt har ho fått mykje erfaring i å fikse og reparere.

– Det tok lang tid å setje seg inn i det, og det er mykje som går i stykker og må fiksast. Vi har ein regel om at når ein ting har blitt fiksa er det ein ny ting som går i stykker, det er vår Murphy’s lov.

Dekkskatten

Det er vanskeleg å ikkje samanlikne Annette med karakterar frå filmane til Wes Anderson, den eksentriske amerikanske filmskaparen. Designet står i stil med biliotekarjobben, og det er bøker og teikn til katt i alle rom i båten.

Det er litt mindre symetri enn Wes Anderson hadde føretrekt, men elles passar Annette rett inn i ein av filmane hans.

Ikkje lenge etter innflyttinga i båten kom katten med. Leo bur i dag på båten med Annette og venninna. Det var eit ekstra uromoment i starten.

– I byrjinga var eg bekymra for at han skulle falle i vatnet eller ikkje kome inn, men det har endå ikkje skjedd.

I dag har dei ordna ein sensor på utsida av døra inn til båten. Når sensoren merkar at nokon står utanfor ringer det ein god gammaldags ringeklokkelyd i heile båten. Det betyr at Leo vil inn.

Senka skuldrer

Når Annette kjem ned denne svingen, kjenner ho at skuldrane senkar seg.

Båten står ved ei brygge ved Killingen Sjøsenter på Bygdøy. Med el-sykkelen er det ein halvtime frå sentrum av Oslo til båten. For å kome dit må ho sykle frå den tettast traffikerte delen av hovudstaden, gjennom åkrar på Bygdøy, før ho kjem til bryggjeplassen sin på Killingen.

– Når eg kjem ned svingen som går i bakken til brygga her kjenner eg at heile kroppen berre senkar seg.

Men Annette medgjev at det er nokre ting ho saknar ved å bu på fastlandet.

– Ein stabil varm dusj. På dei verste gyngedagane saknar eg å ikkje måtte springe rundt etter ting som ramlar, men det har vore mykje av det denne vinteren. Det går òg til eit punkt kor ein blir rista til søvne, ikkje gynga, og det er ikkje like godt.

Likevel er det båtbuar ho skal forbli.

– Det er så magisk å bu her. Eg tek meg sjølv i å ta tak i veggane og seie «åh, eg er så glad i deg Ponta!»

Guro og Mats Herman Aunevik føler ikkje dei måtte gje avkall på noko viktig for å passe inn i sitt nye minihus.