Koronatiltaka stoppa svømmeundervisninga i fjor
Ein heil årgang med elevar på fjerde trinn har gått glipp av svømmeundervisning i skulen på grunn av koronatiltaka. Det bekymrar Norges Svømmeforbund.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi er svært bekymra for dei elevane som gjekk i 4. trinn førre skuleår, seier Jan Kjensli, utviklingskonsulent i Norges Svømmeforbund, til Utdanningsnytt.
Ein rapport frå kommunerevisjonen i Oslo viser at berre 20 prosent av skulane tilbyr svømmeopplæring på 5. til 7. trinn.
– Det betyr at dei elevane som ikkje oppnådde ferdigheitsmålet om å vere symjedyktig ved utgangen av 4. trinn har små moglegheiter til å oppnå dette, med mindre dei har foreldre som kan lære barna å symje eller har moglegheit for at barna kan delta på svømmeopplæring på fritida, seier Kjensli.
– Elevane har etter opplæringslova krav på at skulen skal yte dei ressursane som er nødvendige for at elevane skal kunne oppnå fastsette kompetansemål, understrekar han.
Les også Framtida Junior-saka: Eitt år sidan Noreg stengde: – Det lært oss konsekvensane av å ikkje ta alvorlege ting på alvor