«Glitter med bismak»

Frankie Rød
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Juni er Pride-månad. Denne månaden skal vi feire skeive liv, og feire kor langt vi har kome. Det er likevel viktig å hugse at Pride ikkje berre er ei feiring, men også ein kamp, som blir utkjempa heile året, ikkje berre denne månaden. 

EU-parlamentet har nyleg vedtatt at EU er ei LHBT+ friheitssone. Det vil seie at alle EU-borgarar skal kunne vere den dei er, og elske den dei vil. Samstundes blir skeive i heile Europa utsette for grove menneskerettsbrot, utan at det er nokon klar strategi frå EU for å handtere dette.

Det er likevel viktig å hugse at Pride ikkje berre er ei feiring, men også ein kamp

I Polen har det blitt oppretta homofrie soner, i Ungarn brukte presidenten unntakstilstand på grunn av korona til å innskrenke transpersonar sine rettar. I tillegg aukar delen hatkriminalitet mot skeive i mange europeiske byar. 

Symbolpolitikk

Samstundes blir det vedtatt symbolpolitikk av verste sort. Når EU-parlamentet vedtar at EU er ei LHBT+ friheitssone ignorerer ein alt det skeive blir utsette for på dagleg basis. 

I verste fall kan slik politikk bidra til å gjere det verre for skeive i Europa. Når anti-skeiv politikk blir møtt med meir overstyring, vil det ofte føre til at det blir enda meir anti-skeiv politikk. 

I verste fall kan slik politikk bidra til å gjere det verre for skeive i Europa.

Vi skeive blir utsette for trakassering, hat, blir nekta tilgang på helsehjelp, og rettane våre blir innskrenka, og då hjelper det ikkje at politikarar vedtar at her er det trygt for alle. 

Dei skeive i Europa fortener å bli tatt seriøst, og vi fortener handling. Vi fortener ikkje symbolpolitikk! 


Har du noko på hjarta? Skriv inn til: tips @ framtida.no!

Makedonske Antonio og albanske Xheni