Elefantar på rømmen legg bak seg 500 kilometer med øydelegging

Kristiane Nerdrum Bøgwald
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter at ein flokk med 15 ville elefantar rømde frå eit naturreservat i Yunnan-provinsen i det sørvestlege Kina, har dei lagt bak seg 500 kilometer med spor av øydelegging, skriv The Guardian.

Dei har mellom anna ete seg gjennom ein heil maisåker og jamna ei løe med jorda, medan dei har ignorert sirenene til politiet.

Dei har også drenert ein vasstank og plaga landsbybebuarar som er urolege for avlingane sine, melder den statlege kringkastaren CCTV.

Sidan midten av april har elefantane øydelagt rundt 56 hektar avlingar og forårsaka øydelegging for nesten 9 millionar kroner (6,8 millionar yuan), ifølgje kanalen.

Nærmar seg millionby

Tysdag sa myndigheitene i Yunnan at flokken var 20 kilometer frå provinshovudstaden Kunming, heimen til 6,6 millionar menneske, melder The Guardian.

Kvifor dei asiastiske elefantane har dratt så langt frå det nasjonale naturreservatet, Xishuangbanna, er enno uklart.

– Kvar elefantflokk er ulik – nokon er meir eventyrlystne enn andre. Det kan vere at instinkta til denne elefantflokken på ein eller annan måte blei stimulert til å vandre over dei store territoria der forfedrane deira ein gong budde, og der elefantane no føler seg trygge, sjølv om dei er omgitt av menneske, skriv South China Morning Post.

Den kinesiske forskaren Becky Shu Chen, som sjølv kjem frå Kunming, seier til same avis at elefantflokken kan ha fått panikk og at det kan vere stress som driv dei.

Hundrevis har mobilisert

Dei siste åra har det komme fleire rapportar om elefantflokkar som har vandra inn i landsbyar og øydelagt avlingar i Kina. Dei asiatiske elefantane er ein freda dyreart, og plantane dei vanlegvis et blir gradvis erstatta av ikkje-etelege variantar, skriv The Guardian.

Sidan elefantane rømde har dei blitt nøye overvaka av innbyggarar og av myndigheitene. Hundrevis av menneske har mobilisert for å sikre offentleg sikkerheit ved å prøve å rettleie dyra med mat og ved å blokkere vegen med lastebilar.

Ingen menneske har så langt komme til skade i elefantflukta.


Les også og desse sakene: