Har du tenkt på korleis det er å vera sjiraff, løve eller sjimpanse når det er vinter og snø?
mm
DYREPARKEN I VINTERFERIEN:
  • Kristiansand Dyrepark er open i vinterferien frå kl. 10 til 17 kvar dag i uke 8 og kl. 10 til 16 i uke 9.
  • Det er tre dyrepresentasjonar kvar dag der gjestar kan sjå både løver, tigrar og eit utvalt dyr i Nordisk Villmark. I tillegg er det opent i jungelland med jungelløype og bobbane.
  • I samarbeid med Sør Orienteringsklubb har Dyreparken også sett opp 10 postar rundt om i Parken.
  • Med tanke på smittevern er det ein eigen parkpatrulje som passar på.
LES FAKTALUKK FAKTA

Saka var først publisert hjå Framtida Junior. Der kan du òg lesa om havskjelpadder som blir redda frå kulda i Texas i USA!

– Det er veldig annleis å vera i Dyreparken på vinteren, fortel biolog Helene Axelsen.

No er det mykje snø i Kristiansand, og då skapar det ekstra utfordringar for enkelte dyr i Dyreparken der.

– Vi har jo til dømes sibirske tigrar som trivst best når det er kaldt. Men til dømes løvene har det litt annleis. Dei er glade for å boltra seg i snøen i kortare periodar, men ikkje for lenge om gongen. Dei toler det fint fordi dei får litt tjukkare pels om vinteren. Men, viss det regnar eller er slaps, vil dei helst vera inne, fortel Axelsen.

LITT UTE: Gepardar likar seg også ute når det er snø. Men ikkje for lenge om gongen. Foto: Dyreparken

Kalde aper

Gepardane har det også ganske likt som løvene. Dei likar seg ute sjølv om det er snø. Men kva med apene?

– Vi har ein del aper som ikkje har underpels. Så det er litt som om vi menneske går ut i snøen utan klede på. Vi har fine anlegg inne der sjimpansane trivst godt, men vi dyrepassarane må jobbe veldig mykje meir med å aktivisera dei no om vinteren.

– Vi må passa på at dei får bruka kroppen og at dei får mentale utfordringar. Dei får sjansen til å lufta seg ute, men ikkje viss det er is på vatnet som er rundt apeøya. Viss det er is på vatnet, kan dei jo berre spasera ut av parken, så då må dei vera inne, legg biologen til.

LEIKAR INNE: – Vi har fine annlegg inne der sjimpansane trivst godt, men vi dyrepassarane må jobbe veldig mykje meir med å aktivisere dei no om vinteren, seier biolog Helene Axelsen. Foto: Dyreparken

– Sjimpansane har ein tunnel med frisk luft som dei alltid har tilgang til. Det hender dei går ut for å henta seg litt snø som dei et. Dei synest det er gøy med snø, men dei kan ikkje vera ute for lenge. Då kan dei bli nedkjølte og kalde.

Farleg med lange bein

Men det er ein gjeng som krev ekstra omsorg når det er glatt ute.

– Når det er snø og glatt er vi veldig forsiktige med å ta sjiraffane ut. Vi er redde for at dei skal ramla med dei lange beina sine. Det kan vera veldig skummelt. Vi set opp døra, slik at dei kan stikke hovudet ut for å lufta seg. Dyrepassarane jobbar ekstra mykje med å laga aktivitetar for dei, sidan dei er inne heile tida no når det er kaldt og glatt, fortel Axelsen.

MEIR PELS: Løvene får tjukkare pels når det vert kaldare. Foto: Dyreparken

I Dyreparken er det også eit stort område med nordiske dyr.

– Vi har oter, ulv, elg, jerv og gaupe i Nordisk Villmark, men dei er ute heile året. Dei er tilpassa det norske klimaet, og trivst. Det er ekstra enkelt å få auge på dei no når det er snø i parken, så det er veldig kjekt.


– Av og til kan det vera utfordrande å vurdere om vi treng å bedøve eit dyr for å undersøkje det, fortel Rolf-Arne Ølberg. Foto: Dyreparken
ANNONSE