Yngre og eldre slit med å skilje mellom nyheiter og reklame
Dei yngste og eldste i samfunnet slit mest med å skilje mellom nyheitssaker, reklame og offentleg informasjon på nett, viser ei undersøking frå Medietilsynet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Resultata viser at det kan vere krevjande å orientere seg i den digitale informasjonsflaumen, og at det er viktig å jobbe med tydeleg merking og identifisering av ulike typar innhald, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet i ei pressemelding.
– Alle er tente med at den som les, veit kven som er kjelda til informasjonen, seier ho.
Fire av ti lurt av reklame
I den ferske undersøkinga svarte fire av ti at dei har trykt på det dei trudde var ei nyheitssak, men som viste seg å vere reklame. Over 2.000 nordmenn i alderen 16 til 102 år deltok i undersøkinga.
Respondentane måtte i undersøkinga ta stilling til kjelda i seks nyheitsartiklar.
Fire av ti svarte riktig på alle spørsmåla, medan dei eldste og yngste sleit mest med å svare riktig kjelde.
I aldersgruppa 16–24 år svarte berre kvar tredje riktig på alle spørsmåla. Det same gjaldt for aldersgruppa 60–79 år, medan for dei over 80 år var det berre 18 prosent som svarte rett på alle.
– Å ikkje forstå forskjellen på kommersiell, redaksjonell og offentleg informasjon kan føre til at folk tek avgjerder på feil premissar. Ei kommersiell verksemd har jo til dømes ein annan dagsorden enn det offentlege, seier Velsand.