Gina Tricot lanserer olabukser for rullestolbrukarar

Kristiane Nerdrum Bøgwald
Publisert
Oppdatert 22.06.2021 13:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er veldig glad for at eg har moglegheit til å vere ein som styrkar representasjonen til funksjonshemma i samfunnet og bidreg til at kvardagen blir lettare.

Linderoth fortel at ho føler det er hennar oppgåve å endre på motebildet for menneske med med nedsett funksjonsevne. Personen på biletet er ein modell. Foto: Louise Lindroth via Gina Tricot

Det seier Louise Linderoth i eit intervju med Handikapnytt, som først omtalte saka.

Den unge motedesignaren og rullestolbrukaren frå Sverige er kjent under merkjevarenamnet, Lou Dehrot.

For tre år sidan fekk ho mykje merksemd av motemagasinet Vogue for eksamenskolleksjonen sin: sittjeans – olabukser for dei som sit i rullestol.

I fjor haust blei produktet lansert i Noreg og det blei utselt etter kort tid – no kjem buksene tilbake i hyllene.

Livet som forma henne

I eit intervju med Gina Tricot fortel Linderoth at livet hennar blei forandra for alltid då ho som tiåring fekk ein ryggmargsskade som gjorde at ho ikkje lenger kunne gå.

Ho erfarte at det var vanskeleg å finne olabukser som passa til ein kvardag i rullestol.

Buksa Linderoth designar har meir stoff bak på rumpa og mindre stoff føre, ifølgje Handikapnytt. Det gjer at linninga ikkje strammar på magen, og gjer plagget betre eigna for rullestolbrukarar og andre som må sitje mykje i kvardagen.

For designaren har det betydd mykje å få samarbeide med den store kommersielle motekjeda, Gina Tricot.

– For meg er representasjon ein stor del av samarbeidet med Gina Tricot. Berre det å få inn ein kropp i rullestol på bilda i nettbutikken, ein kropp som nokon kan kjenne seg att i og ikkje bli ekskludert. Det betyr så mykje, seier Linderoth til det svenske magasinet Företagaren

Linderoth ønsker at rullestolbrukarar skal kunne handle i dei same butikkane som alle andre, og seier dette særleg er viktig for unge jenter.  Foto: Pressebilde frå Gina Tricot. Personen på bildet er ein modell.

Jobbar med kolleksjon nummer to

Linderoth seier ho ønsker å fortsette samarbeidet med Gina Tricot om å lage andre plagg som er optimale for rullestolbrukarar. Ho håpar på sikt å kunne forske på mote, funksjonsnedsetjing og reklame.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Louise Linderoth (@lou.linderoth)


Les også desse:

Fordi Sander Andreassen (17) har ryggmargsbrokk brukar han ein spesialbygd sykkel frå hjelpemiddelsentralen. Sykkelen har litt drahjelp i oppoverbakkar, men mesteparten av arbeidet må 17-åringen gjere med armane. Foto: Privat