Sander (17) sit i rullestol – i 2022 skal han sykla USA på tvers

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me prøver å få andre med ryggmargsbrokk eller funksjonshemming til å sjå moglegheitene, ikkje avgrensingane, seier Sander Andreassen.

17-åringen frå Hurdal har sett seg eit ekstremt mål. I 2022 planlegg han å sykle USA på tvers saman med far sin og kameraten Petter.

– Det treng ikkje vere så ambisiøst, men kan dreie seg om små mål i kvardagen, understrekar Sander, som vil inspirera andre med prosjektet.

Det var Handikappnytt som først omtala saka.

Startar treninga til vinteren

Den endelege ruta er ikkje klar, men planen er å leggje bak seg drygt 800 mil frå vest til aust i USA i løpet av fire månader. Mest sannsynleg går turen frå Boston til California.

Sander har ryggmarksbrokk og sit i rullestol, difor brukar han ein spesialbygd sykkel frå hjelpemiddelsentralen. Sykkelen har ein hjelpemotor som dreg litt i oppoverbakkar, men brorparten av jobben må han gjere sjølv. Dei to andre syklar på vanlege syklar, i tillegg må dei ha følgjebil.

Den månadslange sykkelturen frå Nordkapp til Hurdal hadde eit budsjett på 100.000 kroner. USA-turen vil verte betrakteleg dyrare, difor treng Tour de Sander sponsorar også denne gongen. Foto: Privat

Andreassen er klar over at ting kan endra seg på grunn av koronapandemien, men til vinteren startar han for alvor å trena seg opp til den store reisa.

Sykkelentusiasten planlegg å leggja ned ein del timar på stakemaskina på treningsstudio, som er god trening for overkroppen, før han tek fram sykkelen.

Kasta ut ideen på tv

Det er likevel ikkje ein heilt uerfaren 17-åring som legg ut på tur. Sommaren 2018 sykla nemleg han, far og to kameratar frå Nordkapp til Hurdal – ein tur på drygt 2334,3 kilometer.

Eventyret starta litt tilfeldig i kjølvatnet av at Sander og far hans deltok i TV 2-programmet Samme tid neste år, der dei skulle kome seg til topps på Bitihorn ved Beitostølen.

Dei to måtte gje tapt, men då Sander og faren sat i studio med programleiar Øyvind Mund fekk dei spørsmål om dei hadde andre prosjekt på gong.

– Eg var 14-15 år og svara – framfor heile Noreg – at det hadde vore kult å sykla frå Nordkapp og heim, utan å eigentleg tenkje meg om, minnest 17-åringen.

Han trur faren hadde litt fleire tankar om kva prosjektet innebar, men då han seinare fekk spørsmål om dette var noko han verkeleg ville, svara Sander ja.

Frå Lofoten til stressa bilistar

I forkant av turen hadde ikkje Andreassen sykla stort meir enn nokre turar med klassen, men turen gav meirsmak.

– Allereie før me var ferdig med Nordkapp-turen bestemte me oss for at me hadde lyst å sykla ein endå lenger distanse.

Den norske naturen og samhaldet var høgdepunkta på sykkelturen frå Nordkapp til Hurdal. Foto: Privat

For 17-åringen var samhaldet han opplevde på turen noko av det beste, saman med den norske naturen.

– Det er noko av det finaste eg har opplevd nokon sinne. Før turen hadde eg aldri vore i Lofoten før og det er den finaste plassen på jord. Eg trur stoppa kvar 100 meter, og tok ein haug med bilete, fortel Andreassen, som går han andreklasse på medier og kommunikasjon på vidaregåande.

Jo lenger sør ein kjem i Noreg, jo meir stressa blir folk

Sjølv om det var ei oppleving for livet, hadde reisefølget også nokre negative episodar med bilistar som både tuta og viste fingeren.

– Jo lenger sør ein kjem i Noreg, jo meir stressa blir folk. Det var ikkje før etter me passerte Trondheim at folk byrja å bli irriterte, fortel 17-åringen, som ikkje tok seg nær av hendingane.

Gler seg til amerikansk natur

Førre prosjekt vart dokumentert på Facebook, og også denne gongen har Sander lyst å dokumentere turen, slik at folk kan følgje dei på sosiale medium.

Å oppleva den amerikanske naturen frå sykkelsetet er noko av det han gler seg aller mest til.

– Eg er jo eigentleg veldig glad i USA, men eg har berre vore i Orlando, Florida. Difor gler eg meg til å oppleve heile USA, eller i alle fall dei statane me skal gjennom.


Les også: Åsne (26) blir fotografert i smug og har blitt løfta opp av ein framand på byen

Åsne opplever blikk frå framande. Å leve med akondroplasi gjer at ho skil seg ut i mengda. Foto: Peder Skjelten