Høgre stemte ned forslag om å ikkje støtta til organisasjonar som oppmodar til vald: – Kan gje feil signal

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det kan gje eit feil signal til samfunnet om at me støttar organisasjonar som kjem med hatefulle og kjønnsdiskriminerande ytringar.

Nestleiar i Aker Unge Høgre, Arina Aamir, er skuffa over at landsmøtet til moderpartiet Høgre i helga stemte ned forslaget om å «ikke støtte organisasjoner som oppfordrer til vold eller som fremmer hatefulle ytringer, terrorisme, kjønnsdiskriminering, rasisme».

– Svekkar tilliten i samfunnet

Forslaget kom frå Oslo Høgre. Redaksjonskomiteen gjekk ikkje inn for forslaget, noko heller ikkje landsmøtet gjorde.

På landsmøtet gjekk Aamir på talarstolen for å oppmoda dei frammøtte til å stemma for forslaget, som vert sett på som retta inn mot den omdiskuterte statsstøtta til organisasjonen Human Rights Service.

– Støtte til organisasjonar som Human Rights Service, som er meint til å bidra til betre integrering, veit vi at ikkje gjer stort anna enn å bidra til stigmatisering. Organisasjonar som denne svekkar tilliten i samfunnet i ei tid og i miljø der han trengst aller mest, sa Aamir i innlegget som du kan lesa her.

Ola Svenneby frå Våler i Hedmark er leiar i Unge Høgre. Foto: Unge Høyres Landsforbund

Unge Høgre kritiske til ordninga

Unge Høgre har lenge vore ein uttalt kritikar av statsstøtta til Human Rights Service.

Då regjeringa føreslo å vidareføre støtta til organisasjonen på statsbudsjetter for 2021 reagerte Unge Høgre-leiar Ola Svenneby i Filter Nyheter.

Unge Høgre-leiaren meiner det er på tide å gå gjennom heile ordninga med støtte til organisasjonar og kallar det ein forferdeleg uting at politikarar skal sitje og sjå på enkeltorganisasjonar og velje ut dei dei likar.

– Når det er sagt, så meiner eg det er ganske sjukt at HRS tidlegare har fått pengar frå ein slags integreringspott. Det er ikkje gjengs oppfatning at dei driv med integrering. Dei har gått over streken så mange gongar og er regelrett destruktive for den offentlege debatten, sa han til Filter Nyheter i oktober.

Handlingsplan mot muslimhat

Arina Aamir peikar på paradokset i at regjeringa har vedteke ein god handlingsplan mot muslimhat, samstundes som dei støttar ein organisasjon ho meiner bidreg til nettopp dette.

– Me i Unge Høgre er svært imot denne støtta til HRS, så eg håpar me kjem til å halde fram å presse Høgre og regjeringa. Eg skjønar ikkje poenget med at me skal støtta noko som skal bidra til integrering, men som eigentleg bidreg til stigmatisering, avsluttar ho.


Theresa Elise Nøsen Opoku, Emma Effie Morrison Lund og Sandra Abena Nøsen Opoku har starta Afryea som eit nettverk mot rasisme. Foto: Privat /Kollasj av Framtida.no