«Det bør vere ei grense for kva slags haldningar og handlingar staten skal støtta»

Arina Aamir (16)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Innlegget vart halde på Høgre sitt landsmøte og er omsett og publisert med løyve frå forfattaren.

Vi er i ei vanskeleg tid. I ei tid kor alt er svært usikkert og uforutsigbart, og i ei tid kor vi har måtta stå saman som eit lag for å kjempa mot viruset.

I denne tida står russebussar på parkeringsplassar, Noregs tøffaste jobbar heile dagen for å knekka viruset, og kvar og ein av oss har ofra noko for at samfunnet skal gå rundt.

Vi har under denne tida fått forståing for kor viktig samhaldet mellom oss er, og i desse turbulente tider må vi difor skjerme vårt samfunn mot den kalde vinden som nærmar seg. Den vinden som vil skapa skilje og splitting framfor respekt og forsoning.

Og då bør det aller siste vi gjer vere å statsfinansiera nettopp rasisme.

Vi veit allereie at fordommane mot minoritetsgrupper i Noreg er store, og då må vi jobbe for å nedkjempe desse fordommane slik at dei ikkje byggjer seg opp til å bli hat eller rasisme. Om vi skal styrke det norske samhaldet må vi ta avstand frå organisasjonar som gir opphav til framandfrykt.

Og då bør det aller siste vi gjer vere å statsfinansiera nettopp rasisme.

Støtte til organisasjonar som Human Rights Service, som er meint til å bidra til betre integrering, veit vi at ikkje gjer stort anna enn å bidra til stigmatisering. Organisasjonar som denne svekkar tilliten i samfunnet i ei tid og i miljø der han trengst aller mest.

Og då bør vi som eit ansvarleg parti sjå på kva negative konsekvensar vi får av å støtta slike organisasjonar.

Det bør vere ei grense for kva slags haldningar og handlingar staten skal støtta.

Oppdatering: Høgre sitt landsmøte stemte i helga mot forslaget om å fjerna statsstøtta til Human Rights Service.


Har du noko på hjarta? Send inn til: tips @ framtida.no


Jon Emil Kvidal frå Rissa har odel og vil inn i landbruket, men meiner løna er for dårleg. Foto: Privat