Minst depresjon blant fysisk aktive unge

Ei doktorgradsavhandling viser at fysisk aktivitet og trening er sterkt knytt til mindre risiko for depresjon.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølge ei doktorgradsavhandling knytt til Institutt for psykologi ved NTNU, er det færrast depressive symptom blant barn og unge som driv med idrett.

Funna er eit resultat av ei spørjeundersøking blant elevar i 6. til 10. klasse, i alderen 11–14 år, skriv forskingsmagasinet Gemini. Frå 1.429 til 1.748 elevar deltok i dei ulike delane av undersøkinga.

– Barn og unge som driv med idrett har færre depressive symptom enn dei som berre deltar i kulturelle aktivitetar, seier Else Marie Lysfjord, som nyleg tok doktorgraden.

Flest jenter hadde depressive symptom

Ifølge avhandlinga er jenter mest utsette for depressive symptom. I undersøkinga fann Lysfjord at dei som driv med både idrett og anna kultur har lågast grad av depressive symptom, jenter som berre er med på kulturelle aktivitetar har flest depressive symptom, medan dei som ikkje deltar i verken idrett eller anna kultur hamner midt imellom.

Lysfjord veit så langt ikkje kvifor dei som ikkje deltar på nokre av aktivitetane kjem betre ut av det enn dei som driv med kulturell aktivitet.

Resultata indikerer at det depresjonsførebyggande arbeidet bør fremje fysisk aktivitet og trening blant barn og unge, skriv Gemini.


Ragne Wiklund fortel at ho synest at det er viktig å ta med seg kreativiteten og leikenheiten frå barndommen inn i idretten. – Det føler eg at eg har fått til, seier ho. Foto: Privat